Vil gje idretten utvikling
Idrettsråd og idrettslag skal takast med på råd når den nye hallen i sentralidrettsanlegget skal fyllast med aktivitet.
I budsjetthandsaminga i desember gjorde politikarane om på administrasjonen si innstilling og framskynna oppstarten av den nye idrettshallen på Kvuentræ ved å løyve investeringsmidler allereie i 2016, ikkje frå 2017, som administrasjonen ønskja.
Prosjektleiar Tor Inge Døsen vonar at saka skal vere koma så langt at ein kan be om tilbod på bygginga i løpet av hausten.
– Framlegget til reguleringsplan skal no til handsaming i plan- og byggningsutvalet. No lyt vi byrja å orientera oss inn mot aktuelle aktørar som idrettsrådet, Osbadet, kanskje dei største idrettslaga i kommunen og fleire.
Kartleggja behov
– Idretten i Os må inviterast med i arbeidet. Det er dei som veit kvar skoen trykkjer. Det er meldt inn behov for meir treningstid for dei godt etablerte idrettane i Os, så det er ikkje umogleg at den eine hallen går med til å dekkja inn behov for halltid innan handball, basketball og volleyball.
– Eg tenkjer at det gjennom idrettsrådet må avdekkjast kva andre behov og draumar som finst i bygda. Og også kva trendar og behov som kjem litt fram i tid.
– Vi må satsa på utvikling og opna for nye aktivitetar og ikkje berre fylle på med meir av det gamle, avsluttar han.
Den nye hallen vil bli ein dobbelt fleirbrukshall på omlag 55 x 55 meter i ytre mål. Ein ser òg på løysingar for å anlegga vel 60 parkeringsplassar under hallen. Total budsjettramme for hallen er vel 67 millionar kroner.