Vil gje ei større oppleving
Oseana vil gje publikum ei større oppleving av Greigsamlinga når dei sundag inviterar til kunstforedrag med doktorgradstipendiat Tove Haugsbø.
Tidlegare i haust starta Oseana ein kunstforedragserie, då med Gunnar Danbolt som første foredragshaldar. Sundag er det duka for del to av foredragsserien, no med doktorgradsstipendiat Tove Haugsbø.
– Foredraga med Danbolt blei ein suksess, kor vi selde omlag 25 av dei 30 tilgjengeleg billettane til kvart av foredraga.
– Vi har satt ei såpass låg grense for antal deltakarar for at alle skal få med seg kva den aktuelle foredraghaldaren seier på veg rundt i samlinga, forklarar kulturhusvert Janne Mari Hjelle.
Kvinner i kunsten
Tove Haugsbø skal ta for seg kvinner i kunsten, med utgangspunkt i den samlinga som no heng i kunstmuseet. Foredraget på omlag 45 minutt vil bli gjennomført to gonger i løpet av sundagen.
– Haugsbø har mastergrad i kunsthistorie med bileta av Nikolai Astrup som emne.
– Ho jobbar no som stipendiat tilnytt KODE i Bergen, kor ho held på med ein doktorgrad om same tema.
– Ho har òg lang erfaring som formidlar og museumsvert ved Astruptunet i Sogn og Fjordane, så dette trur eg blir eit interessant og lærerikt foredrag, fortel Hjelle som tilbyr billettar til foredraget eller i kombinasjon med servering i restauranten.
Har hatt lyst lenge
Det å få eksterne foredragshaldarar til å fortelje om Per Grieg sr si samling er noko Oseana har ønskja seg lenge.
– Vi har ønskja å utnytte det potensialet som ligg i samlinga.
– Det er gjerne lettare å forstå bileta og å få større glede av samlinga om du får nokre innspel.
– Diverre har det vore slik at vi ikkje har hatt kapasitet til å få dette på plass, før Ole Tobias (Lindeberg, journ.mrk) tok tak i det i haust, forklarar kulturhusverten.
Dei siste foredraga i haustserien blir 1. desember når Nina Holmefjord, kunstanmeldar i Dagsavisen, kjem for å snakka om Peder Balke og måleriet Nordkapp 1848 som heng i galleriet.
– Vi tek sikte på å køyre vidare med kunstforedraga også til våren, men har førebels ikkje klart kven som kjem inn som foredragshaldarar, avsluttar Janne Mari Hjelle.