Vil fylla ut Greidalen
OHARA-utbygginga gir nytt boligfelt på Kuhnle. No skal områdeplanen ut på høyring.
Kommunestyret fatta i februar 2012 vedtak om plassering av kommunen sitt nye hovudreinseanlegg - OHARA, med fjellhall under E39 på Moberg, utlufting over Moberg og utløpstunnell til sjø via Kuhnlevika.
Avgjersla kom etter ein omfattande prosess med mange synspunkt, kanskje spesielt knytt til luktproblematikk.
Les alt om OHARA på Midtsiden her.
No er områdeplanen som omfattar tre områder klar for handsamning i Plan- og bygningsutvalet torsdag om ei veke.
Dei tre områda er eit anlegg i dagen på Ytre Moberg mellom brannstasjonen og Moberg på cirka 5 dekar som omfattar tilkomstveg og administrasjonsbygg.
Fjellanlegget som er planlagt på kote 15, cirka 40 meter under avkøyringa sørgåande avkøyring frå E39 mot Mobergskrysset.
Anlegget omfattar også utløpstunnellen på rundt 1000 meter frå fjellhallen med reinseanlegget og ned til Kuhnlevika på kote 4. Tunnellen går meir eller mindre parallellt med Kuhnlevegen. I følgje planen vil utløpstunnellen få ei overdekking på cirka 50 meter dei første 750 meterane og mellom 25 og 30 meter dei siste 250 meterane ned til Kuhnlevika.
Planlegg nytt bustadområde
Det siste området som er omfatta av planen er eit cirka 20 dekar stort område i dalsøkket nordvest for sjøen/Tellevika - Greidalen avgrensa av ny tilkomstveg, Kuhnlevika og Kuhnlevegen.
Området er i den nyleg vedtatte kommuneplanen satt av til bustadformål, medan området i den gjeldande reguleringsplanen - som då er i strid med kommuneplanen - er avsatt til jordbruk. Både for å få ein reguleringsplan i tråd med kommuneplanen og for å kunne byggje bustadene vil kommunen så snart som råd er igangsetta ei detaljregulering for Greidalen.
Skal fyllast med sprengstein
Ein reknar med at prosjektet vil gje totalt mellom 160 og 170 000 kubikkmeter med lausmasser frå fjellhallen og tunnellene. Omlag halvparten av desse (60 000 + 15-20 000 kubikkmeter) vil ein nytte til å etablera tilkomstvegen og for å tilrettelegge for bustadutbygging i Greidalen.
Plankonsulentane ser for seg ei terrassering av området på kotene 7, 12 og 19 for å gje bustadene utsyn og luft. Nokre tilstøytande områder vil òg bli fylt ut tilpassa veghøgda i området.