Vil fylla torget
... med julestemning. – Sundag er det berre å ta turen til sentrum, her blir det julemarknad, gløgg, graut og nissehus, lover Laila Moberg.
For å skapa ekstra god julestemning inviterer sentrumsforeininga til julemarknad dei to siste sundagane før jul.
– Vi vil skapa endå meir aktivitet enn berre å ha butikkane sundagsopne.
– Med julemarknaden håper vi at vi kan vera med på å setja osingane i betre julestemning, smiler vikarierande sentrumsleiar, Laila Moberg.
Plass til fleire
Så langt har 19 utstillarar meldt seg på.
– Her blir det strikk, bakverk, juledekorasjonar, spikkerier, juletrær og mykje anna.
– Om det er enno fleire handverkskunstnarar som har lyst til å vera med så er det berre å ta kontakt med meg eller Tove Tvedt Skarstein på S. Tvedt.
– Det er ikkje meldt så frykteleg godt vêr til helga, korleis løyser de det?
– Vêret får vi ikkje gjort noko med, men utstillarane har med seg telt, og dei som ikkje har det ordnar vi noko til, så litt nedbør er inga hindring.
– Det er berre å kle seg godt, seier Moberg.
Gløgg og graut
I tillegg til tak over hovudet på utstillarane lovar Moberg litt å varma seg på for dei som kjem.
– Det blir sal av både julegraut og gløgg.
– Denne sundagen står jentene i Nornekoret for grauten, så kanskje blir det ein trall i lag med.
– Neste sundag, då vi satsar på eit musikkmarked kjem dei flinke 9. klassingane, som vi hadde med oss på fakkelfredagen, til å stå for serveringa, fortel Moberg.
Show og søk
I tillegg til ein god handel håpar Moberg osingane vil få med seg oppvisninga frå Fjellanger hundeskule.
– Dei kjem å skal visa alt det utrulege ein hund kan klara.
– Her blir det søk, agility og andre dyrekunstar.
Julemotivet klart
Har du ikkje rekt å ta julebilete enno, så har Moberg løysinga på det òg.
– Vi riggar til kulissar med nissestua vår, kjelke og halmballar.
– Kanskje får vi med levande dyr også, så det er berre å ta med seg kamera og nisselue for å ta eit koseleg julebilete, avsluttar Moberg.