Vil flytta pigg-automat
Kommunen ber Statens vegvesen flytta automaten for piggdekkavgifta på Røykenes av hensyn til trafikktryggleiken.
På den nedlagde busslomma vis a vis bensinstasjonen på Røykenes kjem kvar haust dei to automatane for å betala piggdekkavgift for å køyre inn i Bergen opp. No ber Os kommune Statens vegvesen vurdera å flytta dei til ein meir trafikksikker plass.
– Automaten er plassert slik at bilane stoppar i ei tidlegare busslomme som er ca 30 m lang.
– Ferjetrafikken langs E 39 kjem puljevis, og det hender rett ofte at det ikkje er plass til alle som vil betala gebyr inne i lomma.
– Dette fører til trafikkfårlege situasjonar der køyrety stansar i køyrebana. Dette fører naturlegvis til stogg i trafikken, skriv avdelingsleiar for samferdsel i Os kommune, Terje Myking, i brevet til Statens vegvesen.
Myking foreslår at Statens vegvesen ser på moglegheiten for å plassera automatane inne på parkeringsplassen ved Er-An vegkro, eller ei anna plassering nærare Bergen.