Vil flagga ut Lyssand-produksjonen
– Vi vurderer å flytta produksjonen frå Os til Lenhovda i Sverige, seier administrerande direktør i Inwido, Espen Hoff.
Inwido, som i 2006 kjøpte Lyssand Treindustri AS, vurderer å flytta produksjonen til Sverige. Dei tilsette blei varsla på allmannamøte i dag.
– Vi vurderer å flytta produksjonen frå Os til Lenhovda/Vetlanda i Sverige innan utgangen av 2014. Sal og administrasjon blir verande i Noreg med kontor sentralt i Bergen, skriv Inwido i ei pressemelding i dag.
Saka skal endeleg styrebehandlast i midten av februar.
Sviktande lønsemd
Inwidos sin ambisjon er å bli den sterkaste utfordreren i det norske dør- og vindusmarkedet gjennom å vidareutvikla og styrka merkevarer som Lyssand, Diplomat og Frekhaug.
– Merkevara Lyssand vil bli styrka gjennom meir effektiv produksjon, seier administrerende direktør Espen Hoff i Inwido.
Hovedårsaka til flyttinga er sviktende lønsemd for Lyssand Treindustri AS. I tillegg opplever selskapet ein marknad i tilbakegang.
Lyssand Treindustri AS auka omsetnaden frå 185 til 223 millionar kroner frå 2011 til 2012, og gjekk med over 7 millionar i overskot begge år.
93 tilsette
– På Vetlanda/Lenhovda har vi fleire moderne fabrikkar som produserer same produkter som vi gjer på Os i dag. Ved ei eventuell flytting vil vi styrka lønsemda, seier Hoff.
Lyssand-fabrikken, som har stolte tradisjonar tilbake til etableringa i 1947. Selskapet hadde 117 tilsette før dei 1. januar reduserte til 93, då fleire i sal og administrasjon gjekk over til Inwido.
Mange av dei 93 som er igjen risikerer no å mista jobben sin.
– Det er beklageleg at vi må vurdera eit slikt grep, og eg føler med dei tilsette som har fått den tunge beskjeden i dag.
– Vi har allereie starta drøftingsmøte med dei tillitsvalte, om blant anna korleis vi kan hjelpa dei tilsette med å finna ny jobb, om styret vedtar flytting.
I tillegg til dei tilsette blei i dag Os kommune, fylkeskommunen og NAV orientert om situasjonen.