Sport | 10. feb. 2011

Vil få osingane i form

Kjersti Tysse Plätzer startar for seg sjølv, og tilbyr saman med ektemannen Stephan personleg treningsvegleiing.

Vil få osingane i form
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. feb. 2011 21:39

Trener du rett? Treng du eit styrke- eller uthaldsprogram tilpassa ein annan idrett? Slit du med motivasjonen? No kan du få hjelp av ei med to OL-sølv på peishylla.

- Eg har aktivitetsleiarkurs og trenarkurs i handball og kappgang frå før. No tar eg personleg trenar-utdanning ved Idrettshøgskolen i Oslo, fortel Kjersti Tysse Plätzer.

Kjersti har sagt opp stillinga som salssjef i Adecco for å driva for seg sjølv som personleg trenar. Med seg har ho ektemannen Stephan, som framleis har 70 prosent stilling for Olympiatoppen og friidrettsforbundet.

Med base i næringsparken
«PT» er eit kjent uttrykk i treningssentermiljøa, personleg trenar er ein som ikkje berre set opp eit program til deg, men ein rådgjevar med utvida kompetanse som både skreddersyr treningsopplegget ditt og følgjer opp innsatsen din.

- Vi gjev vegleiing og set opp program til alle nye kundar. Vi prøver også å følgja opp eksisterande medlemmar som driv individuell trening. Men det er alltid nokon som ønskjer noko meir, anten det er snakk om oppfølging og motivasjon eller tilpassing i forhold til spesielle målsetnadar, seier dagleg leiar ved Sprek og Blid Os, Toril Dale.

- Til det har vi PT, som har blitt veldig populært, særleg i byane, der dei har fleire i full stilling på kvart senter, og i periodar ikkje klarar å skaffa mange nok.

Dale har gjeve Kjersti og Stephan i «Plätzers Trening», som dei no kallar seg, senteret i Os Næringspark som boltreplass.

- Vår PT, Rudi Kristoffer Heilund, har fått gymlærarjobb og trappa ned. Derfor passa det bra at ekteparet Plätzer kom med sitt tilbod.

God nok i norsk?
Kjersti tar studiet delvis heime frå, men det blir også turar til Oslo på forelesing. Stephan, som er utdanna ved Idrettshøgskolen i Køln, ville også ta PT-studiet som tillegg. Men han måtte først ta språktest i norsk.

- Han har budd og jobba i Noreg i 12 år no, han har til og med fått tilbod om jobb på gymnas. Vi synes det er litt komisk at idrettshøgskulen derfor bad han avlegga språktest før han fekk lov til å studera, ler Kjersti.

Inne og ute
Sjølv om Kjersti synes studia er lærerike, og ho framleis ikkje er ferdig, er ho og Stephan i sving hos Sprek og Blid.

- Vi ser at det er mange som har godt av vegleiing, nokon gjer tekniske feil, andre har feil intensitet. Eg kan, berre ved å kasta eit blikk bort på tredemøllene, seia at dei fleste, om ikkje alle som spring der no, har for høg puls, seier Stephan.

Dei første kundane er på plass. Ved sidan av vedleiing på helsestudio ser Plätzer Trening for seg at det også kan bli ein del aktivitet utandørs utover våren og sommaren.

- Både mosjonistar, syklistar og andre som driv sport utandørs kan ha nytte av vegleiing, anten det er individuelt eller i mindre grupper. Vi går også med idear om å arrangera aktivitetshelger med kurs og mosjon for heile familien, seier Kjersti Tysse Plätzer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.