Vil du vera utan bil nokre veker?
Politiet ber innbyggarane bli flinkare å sjekka om bilen skulle vore EU-godkjent.
Det er vintervêr i lufta, og politiet prioriterer i desse dagar trafikk.
– Det er stort sett patruljering og sjekk av teknisk, som lys og dekk, seier lensmannOddbjørn Dyrdal.
Den siste tida har dei òg kome over ein del bilar som ikkje er EU-godkjent innan fristen.
– Vi ønskje å minna folk på å sjekka årstal og månad for kor tid bilen skulle vore EU-godkjent. Bommer du på dette, og vi tar skilta, risikerer du å måtta venta på både EU-kontroll og ny verkstadtime for utbetring av feil. Då kan det bli nokre dagar eller veker utan bil.
På denne sida hos vegvesen.no kan du sjekka kor tid bilen din skal vera EU-godkjent neste gong.