Vil du sjå kino frå bilen?
I haustferien blir det drive-in på Røykenes igjen, denne gong også med barnefilm på programmet.
– Det er så stilig å sjå taket gå av at det eigentleg kostar pengar, seier Linda Andersen, kry over sin «nye» Ford Fairline.
Men Midtsiden-sjåarane kan i filmen over gratis få sjå at Linda tar hatten av på sin Ford Fairlane 500 Skyliner Galaxie 1959.
Så kom ho inn på haustferien og drive-in:
Trill inn på parkeringsplassen, bestill deg litt snacks, still bilradioen over på kino-lyd og nyt filmen på eit 5 x 8 meter stort lerret.
USA-inspirerte Er-An Veikro adopterer det beste frå Amerika, og har dei siste åra bydd på drive-in kino om hausten.
– Det er mykje jobb og det er tidkrevjande å få løyve på kvar film, spesielt når vi skal selja billettar. Vi har ikkje sjanse til å tena pengar på dette, men litt gøy må vi ha det i haustmørket, meiner Linda og dottera Hanne Catrine, som nyleg har kome heim frå filmstudier i California.
– Endeleg med barnefilm!
Linda fortel om godt besøk på drive-in tidlegare år.
– Men enkelte har kanskje trudd at dette berre er for amcar, noko som er feil. Alle kveldane er opne for alle typar bilar, også etterlikningar som ikkje er frå Amerika, seier den USA-frelste restaurantdrivaren og ler.
Er-An har av Os kommune fått kinoløyve i fem år, men enkelte filmar må du via både Oslo, Stockholm, London og LA for å få å få løyve til å visa.
– Dei har gjerne 12 veker med ventetid, men vi har fått god hjelp av enkelte distributørar til å finna filmar med rask «sakshandsaming».
Tre kveldar i haustferien
Er-An-jentene ser etter bil- og USA-inspirerte filmar. Dei fekk ikkje hand om Cars (Biler/Lynet McQueen), men har sett opp det morosame trollet Shrek på plakaten to av kveldane.
– Den eine filmen rakk vi ikkje å få løyve til å selja billettar på, så den set vi opp gratis, rett og slett fordi vi har så lyst å visa den.
Tysdag om ei veke er det gratis drive-in på filmen The Last American Hero (Farts-rivaler på norsk), ein film frå 1973 med Jeff Brigdes i hovudrolla som Nascar-køyrar.
– Gratisbillettar må hentast i restauranten. Også til filmane onsdag og torsdag er det billettar, men dei er ikkje gratis.
Onsdag og torsdag er Shrek første film ut.
For ungdom og vaksne er det den norske suksessen Børning onsdag og den første Fast & Furious torsdag.
– Eg håper at vi ser både barnefamiliar og par, gjerne ungdomar, som bruker denne sjansen til å oppleva noko nytt, noko av det som var heilt sentralt i oppveksten til mange amerikanske ungdomar for nokre tiår sidan.