Vil bygga for 100 mill
BKK trur Os vil nærmast dobla forbruket frå 2009 til 2020 og ber kommunen førebu seg på utbygging av nettet.
Torsdag var BKK i Os for å orientera plan- og bygningsutvalet om dagens forbruk og kapasitet i straumnettet og kva dei trur blir behovet fram mot 2020.
– Vi vil byrja i år og bruka til saman rundt 100 millionar kroner over dei neste tre åra på å bygga ut straumnettet i Os, sa Ivar Milde.
Mikle trur forbruket i Os kjem opp i 450 GWh i 2020. I 2009 var forbruket 250 GWh.
– Folkevekst, større bustadar og meir næringsverksemd vil gje enorm auke på eit nett som allereie er overforbruk på. Det er nesten skremselspropaganda vi kjem med her i dag, sa Milde og smilte.
Har prøvd å få BKK med
– Det er litt seint å koma med dette no. Eg har i fleire rundar prøvd å få dykk med på å legga rør for fjernvarme frå Rådal til Os gjennom tunnellane på komande E39 mellom Os og Rådal, utan å nå gjennom, var Gustav Bahus (Frp) sin umiddelbare kommentar.
Bahus er leiar i samferdsleutvalet i Hordaland fylke og tidlegare leiar av plan- og bygningsutvalet i Os.
– Men no er tunnellane regulert, det toget har gått. Beskjeden vi fekk var at BKK ikkje hadde tru på den store folkeveksten i Os etter at det kjem ny veg mellom Os og Bergen.
– Ja, det toget er nok gått. Men vi jobbar likevel med å utvida kapasiteten i Os og førebu nettet i kommunen på høg folkevekst fram mot 2020, held Ivar Milde fram.
Ny transformator ikkje nok
Grafane BKK-representantane hadde med seg viste at det er nokre år sidan vi passerte grensa for det dagens nett er bygd for.
– Vi skal nå kvart punkt via alternativ veg, i tilfelle feil og utkopling. Det er først når vi må nå fram til eit punkt via alternativ veg at det blir kritisk.
– Den nye hovudtransformatoren Os fekk for ikkje så lenge sidan er til hjelp, men det skal meir til for å dekka behovet vi trur vil koma i framtida.
Det var hausten 2010 at Os fekk ny hovudtransformator med dobla kapasitet i forhold til den førre.
– Einaste løysing, slik vi ser det, er å bygga ny sekundærstasjon.
– Er det nokre plassar det er kritisk, at det er område vi bør venta med utbygging, lurte Terje Sperrevik på.
– Nei, svarte Milde.
Vil bygga i Åsen
Mikle seier dei ser på det komande næringsarealet i Åsen, Lyseparken i Endelausemarka, som ideell plassering for ny hovudtransformator for Os.
– Straumforbruket i heile Os vil auka i tida som kjem, og det er i Lysefjorden vi ventar høgast vekst.
– Men den nye transformatoren bør ikkje plasserast midt i næringsarealet, då blir det mange restriksjonar. I utkanten er best. Vi har sett føre oss plassering i Åsen, i nærleiken av der du i dag svinger av for å kjøra over Langedalen.
Må spela på lag
Det er BKK som skal ta utbygginga, men Milde peika på at det blir ein del for kommunen å ta omsyn til, å hugsa på og ta politiske avgjerder på.
– Hugs å ta oss med i planane når de bygger ut nye område. Vi har dessverre nokre eksempel på at vi kjem inn i etterkant og at kommunen då betalar for same trasé to gongar.
– Kan det, ved eventuell framtidig produksjon av fornybar energi i Os, bli utfordringar med kabling ut av kommunen, slik vi av og til les om? spørt Torill Keys (Ap).
– Nei. Os har stort straumuttak, i dei tilfella det er snakk om kablar som tar ut straum, og utfordringar med desse, er når det er produksjon i meir aude område, forklarte Ivar Milde.