Vil bryta stengsler
Med god erfaring frå GHB-prosjektet vil politiet, NAV og kommunen nytta same metodikk for å hjelpa ungdom i faresona.
Inspirert av dei gode resultata frå det to-årige GHB-prosjektet kor dei tre instansane jobba tett og godt saman starta Os kommune hausten 2010 opp eit tverretatleg rusprosjekt.
- Hovudmålet er å arbeida for at ungdom som er i ferd med å utvikla eit rusproblem eller allereie har utvikla eit rusproblem skal få naudsyn hjelp så tidleg som mogleg, fortel ruskonsulent Jan Rune Bakke ved NAV sosialtenesta.
Saman med lege Hege Tønnesen og politibetjent Kjartan Snorrason utgjer han delar av prosjektet. Dei har og med seg Liv Flesland frå Bergensklinikkene. Prosjektet blir leia av Eva Mari Solberg frå eining helsetenester i Os kommune.
- Det handlar om å koma tidlig inn, difor er målgruppa for prosjektet ungdom og unge vaksne frå omlag 14 år og opp til 25-årsalderen, seier lege Hege Tønnesen.
Tettare samarbeid – raskare hjelp
Ei erfaring Tønnesen har gjort seg i arbeidet med rus og ungdom er at vegen til hjelp i mange tilfelle er fryktleg lang og stengsla mellom etatane veldig høge.
- Diverre ser vi at det er 6-8 månaders ventetid til BUP (Barne- og ungdomspsykiatrien), seier Tønnesen.
- Eg skulle ønska at kommunen tar seg råd til å ansetta ein kommunepsykolog, slik at vi kunne fått kortare veg til kompetansen og få hjelp til å arbeida førebyggande, seier Tønnesen som sammenlignar med Askøy kommune som har 4 kommunalt tilsette psykologar.
Prosjektgruppa fekk 500 000 i statleg støtte i 2010 og har søkt om ytterlegare midler i 2011.
- Vi har mellomanna søkt om midler til ei psykologstilling og ei 100% miljøarbeidarstilling, fortel Bakke.
- Målet vårt i prosjektet er å vera ein ressurs for dei som møtar ungdommane i dagen, anten det er foreldre, tilsette i skulen, helsesøstre eller frivillige i lag og organisasjonar. Vi jobbar og med å tenkje førebyggjande og korleis vi best moleg skal fanga opp ungdom som «slit» og gi dei den hjelpa dei treng.
- Gjennom samarbeidet håpar vi at vi kan hjelpe ungdommane med at vi bryt ned dei stengsla som vi kan oppleve det er mellom etatane, slik at dei får raskare og betre hjelp, supplerar Kjartan Snorrason.
Ikkje utan samtykke
Gjennom eit tettare samarbeid etatane i mellom håpar prosjektgruppa at dei kan gje støtte, følgja opp og vera til stades for dei ungdommane som treng det slik at vegen til hjelp blir kortare.
- I tillegg kan vi kartleggja problema og henvisa vidare til behandling og vidare bistand, forklarar Tønnesen som presiserar at dei ikkje slepp ungdommane sjølv om dei er henvist vidare i systemet.
- Ei anna ting som er viktig å presisere er, at alt vi gjer skjer etter at ungdommane eller foreldra (der ungdommane er under 18 år) har samtykka, seier Jan Rune Bakke.
Samtykket som blir gjeven gjeld berre rusrelaterte tilhøve og ikkje andre forhold dei tre etatane får kjennskap til.
Treng nye vener
Erfaringane frå GHB-prosjektet syner at det er viktig for ungdommane å kunne bryta med dei vanane dei har lagt til seg, og det miljøet dei har vore endel av.
- Det er gode ungdommar vi snakkar om, men dei har gjerne ikkje ein hobby. Som alle andre ønskjer dei tilhørighet og det har dei fått i eit miljø kor rus har vore det samlande elementet, forklarar Tønnesen.
- Etterkvart som eg har jobba med ungdommane så ser dei dette sjølv, men det er vanskeleg å bryta med miljøet, for kva skal dei då ta seg til, spør Tønnesen retorisk.
Søkjer vaksne ressurspersonar
Ei viktig del av hjelpa er å finne nye miljø ungdommane trivast i.
- Difor spør eg dei alltid om kva dei tykkjer er gøy og kva dei er interessert i, seier Tønnesen.
- Om ei jente seier ho likar hestar, men ikkje kjenner nokon som har hest, så freistar vi å oppretta kontakt med nokon som har det og som er viljuge til å dela interessa, forklarar Bakke.
- Tilsvarande om det er ein gut som liker å fiske, men som ikkje har nokon å gjera det saman med, så ønskjer vi kontakt om det er nokon som kan tenka seg å ta med ein ungdom på fisketur innimellom.
- Vi håpar vi kan klara å byggja opp ein bank av vaksne ressurspersonar med forskjellige interessar som er villige til å vera med å gje ungdommane ein rusfri hobby, avsluttar Bakke.
Dersom du kjenner ein ungdom som treng hjelp med eit rusproblem, eller ønskjer å vera ein ressurs kan du ta kontakt med Jan Rune Bakke på telefon 948 42 068 eller 53 04 54 15.