Vil bli betre på digital utvikling
Os kommune går med i det som er i ferd med å bli eit nasjonalt prosjekt for å digitalisere kommunale tenester.
I formannskapet fortalde rådmann Christian F. Fotland at kommunen har blitt med i prosjektet «Digitalisering Bergensregionen» saman med fleire kommunar rundt Bergen, Bergen kommune, KS og Fylkesmannen.
– Vi er utruleg gode på drift. Det vi ikkje er like gode på er å utvikle oss og ta i bruk nye løysingar. Der er tildømes Bergen mykje betre. Dei er no i ferd med å utvikle ei løysing for NAV Kommunal. Det er det ingen andre av kommunar som har muskler til å utvikle noko slik, som vil kosta i størrelsesorden 40 millionar kroner, innleia rådmannen.
Tok kontakt
Det var etter eit samling på Solstrand kor Bergen kommune presenterte prosjektet at rådmannen tok kontakt med Kjetil Aarhus i Bergen kommune.
– Eg sa at vi kunne tenkje oss å gjera noko saman. Vi har søkt fylkesmannen om 4,6 millionar frå Fylkesmannen for å kartlegge kor dei ulike kommunane står, og det er store skilnader. Bergen er den som har kome lengst og har til dømes ein Min Side-løsning, som vi kan koble oss på. Det vil kunne vera med å utvikle store delar av tenestetilbodet for områda våre.
Vil gå nasjonalet
Prosjektet byggjer på stortingsmeldinga «Digital Agenda» som stiller strenge krav til fornying av offentleg sektor. I dag finst det 40 ulike statlege system som ikkje kommuniserar med dei kommunale systema.
– Målet for prosjektet er å utvikle FIKS-plattformen som er felles for heile kommune-Noreg, kor dei kommunane som har muskler til å utvikle nye ting legg dette, så kan andre kommunar hente løysinga ut mot å betala ein andel.
– Ønsket er at dette skal bli eit nasjonalt kommit prosjekt som kan starta opp etter sommaren. Om kvar kommune går inn med 15-20 kroner per innbyggjar, så kan ein finansiere opp eit nasjonalt fond på 100 millionar for utvikling av FIKS-plattformen og systema. KS har utfordra kommunalminister Sanner på at om kommune-Noreg går inn med 100 millionar, gjer då staten det same, forklarte Fotland.
Glad for ambisjonane
Ein som gledde seg over initiativet er Nils-Anders Nøttseter (MDG).
– Dette setter eg utruleg stor pris på. Eg ser muskelen som manglar og er glad for at ambisjonane er så høge som dei er, men lurer litt på i kor stor grad er vi avhengig av enkeltområder. Oslo kommune har sagt at dei skal stable opp mykje, kor er DIFI oppe i det heile, undra Nøtteseter.
– Alle dei åtte største byane er med. Når Oslo utviklar noko, så kan vi shoppe det dei har fått til. Dei har satsa forskjellig, men tilsaman blir dette ganske komplett, svara rådmannen, som minna om at det er eit langsiktig prosjekt.
– Det er ikkje gjort på eit halvt år, poengterte han.