Vil bidra til ein tryggare skuleveg
Ditt Apotek Amfi Os ville gje noko tilbake til lokalsamfunnet og kom fram til at dei ville trygga dei komande førsteklassingane i bygda.
I februar 2015 opna Ditt Apotek på Amfi Os, som det andre apoteket på kjøpesenteret. Det første året har gått bra, og difor ville dei tilsette i apoteket visa kor mykje dei set pris på mottakinga dei har fått av osingane.
– Dette er ein idè frå sjefen vår Håvard Røkke som ville gje noko tilbake til osingane, fortel Laila Berge Skogesal frå Ditt Apotek.
Dei vurderte litt kva dei skulle finna på og endte til slutt på at dei ville gje eit reflekstrekk til skulesekken til alle førskuleborna i Os. I tillegg får dei ein plasterpakke.
– Vi fekk då retta fokus mot noko vi syntes er viktig, nemleg traffikktryggleiken til dei aller minste skuleborna. Fleire av skulevegane i Os er farlege med mykje trafikk, det manglar veglys og fleire stadar der dei må kryssa vegen.
Grunnen til at dei gjer det dei kallar "Operasjon reflekstrekk" no er fordi dei håper at dei foresatte kan bruka tid i sommar til å snakke med borna om refleksbruk så dei er førebudd når skulen startar opp.
– Vi veit at fleire av skulesekkane no har integrerte trekk, men det er ikkje alle som har det og dette trekket er universal så det passar også større sekkar eller om dei vil ha gymsekken sin under i tillegg.
Spente førskuleborn
Torsdag var det Nøtteliten barnehage på Søfteland som fekk besøk av "Operasjon reflektrekk".
– Ungane har venta spent i heile dag. Dette er eit veldig kjekt og bra tiltak og borna er kjempenøgd med dei nye refleksane, fortel Linda Lindborg frå barnehagen.
Borna flokka seg spent rundt Laila og jubla høgt over det dei fekk i posen.
– Kom så leikar vi at vi går til skulen! ropte fleire og fór avstad for å leika med gåva dei hadde fått.
Tre av førskulegutane forklarte kvifor det var viktig å ha på refleks i trafikken.
– Det er fordi vi ikkje skal bli påkjørt og sånn at vi lettare finn vegen heim.
Skulle gjerne gitt til alle
Dei tilsette på Ditt Apotek har fleire barnehagar å besøka den neste tida, og Laila fortel at dei gjerne skulle gitt reflekstrekk til alle skuleborna.
– Men berre førskuleungane er godt over 300 stykker, så det klarar vi ikkje. Men om dette blir ein suksess så kanskje vi kan gjera det same til neste år?