Sport | 31. juli 2013

Vidare tidleg på morgonen

Sluttspelet i Norway Cup er i gang. Nore Neset 2 tok seg greitt videre i dag tidleg etter 7-0 over Falkeid 2. Nye kampar i ettermiddag.

Vidare tidleg på morgonen
Nore Neset 2 saman med favorittane frå Club Amerika (privat foto)
Andris Hamreonsdag 31. juli 2013 10:34

Allereie klokka 05.30 gjekk reveljen på sovesalen til Nore Neset for å gjera gutane klare til kamp mot Falkeid 2 i 1/64-finalen i B-sluttspelet klokka 08.00 på Abildsø.

– Etter ein 20 minutt rusletur var det frukost og avreise til Abildsø.

– Der oppe var vi ein time før kampstart og fekk kroppane i gang. I dag gjorde vi alt riktig i førebuingane, fortel Brynjar Øvstedal.

Lokaloppgjer i 32/1-finalen

2-0 til pause blei til 7-0 ved kampslutt etter to mål fra Lasse Døsen og eitt på Steffen Gasmann, Kristian Hevrøy, Markus Øvstedal (straffe), Sander Vikøyr og Peder Lyssand.

– Spesielt i andre omgang var vi gode.

– No ventar Fana 2 på oss i 1/32-finalen på Ekeberg klokka 19.30.

– Dei speler som oss i 3. divisjon, men i ei anna pulje.

– Det kjem til å bli ein jamn kamp, kor det laget som vil mest vinn, trur Øvstedal.

Kjekt møte med favorittane

Siste kamp i gruppespelet gjekk mot Club Amerika, som kom rett frå turneringssiger i både Gothia Cup og Dana Cup.

– Dei var utruleg tekniske og gode spelarar.

– Vi starta veldig bra dei 10 første minutta og og stengde romma for dei. Etter 8-9 minutt var vi frampå med eit skot i stolpen som dei kontra på og gjekk opp i leiinga.

– 0-2 og 0-3 kom etter corner og eit fantastisk langskot frå 16 meter kor ballen låg klistra i vinkelen, fortel keepertrenar Brynjar Øvstedal, som skryt av spiss Mikael Brekke som har måtte ta på seg keeperhanskane og stå i mål etter at Erlend Hevrøy er ute av turneringa med strekk i nokre senar i skuldra.

– Sjølv om vi tapte for Club Amerika, så var det ein kjekk kamp. Det var utruleg trivelege gutar og lagleiarar.

Sykkulven eller Green Forest frå Brasil

Førstelaget til Nore Neset tok seg til A-sluttspelet etter puljesiger (3-1 Tiller, 9-0 Løvenstad 2, 2-0 Træff 2).

– Med puljesigeren gjekk dei rett til 1/32-finalen kor dei møter anten Sykkulven eller Green Forest frå Brasil.

– Trenarane våre er oppe og ser på kampen mellom dei to no, så vi skal nok vera godt førebudd også til den kampen, seier Øvstedal om kampen som går på Rustad klokka 17.30 i ettermiddag.

Søre Neset-jentene har møtt tøff motstand i dei innleiande kampane og står med to tap og ein uavgjort. Dei er klare for 1/8-finale i B-sluttspelet klokka 12, kor dei møter Tjørvåg på Abildsø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.