Næringsliv | 19. juni 2012

– Vi treng litt tid

Ata Mat på Kaien har den siste veka fått kritikk for blant anna servicen deira. - Vi har hatt nokre oppstartsproblem, innrømmer Ata Hassan.

– Vi treng litt tid
Ata Hassan er eigar og drivar av Kaien restaurant (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 19. juni 2012 23:15

Ata Hassan overtok restauranten på kaien i sentrum etter dei førre drivarane tidlegare i vinter. Ata og stengde ned for å pussa opp og bygga nytt kjøkken. For vel ein månad sidan starta han opp igjen restauranten med nytt lokale og nye tilsette.

- Eg blir lei meg for den kritikken vi har fått og hadde håpa folk hadde kome til meg i staden for dykk.

- Vi ønskjer sjølvsagt nøgde kunder. Den einaste måten vi kan få det til på er om vi får veta når dei ikkje er nøgd, seier innehavar av Ata Mat AS, Ata Hassan.

Treng litt tid i oppstarten

Hassan har drive i restaurantbransjen sidan han som liten gut hjalp til på kjøkenet til bestefaren heime i Tyrkia og driv i dag to restaurantar i Bergen i tillegg til den på Os.

- Oppstarten på Os blei ikkje heilt som eg hadde sett føre meg.

- Vi har investert omlag 2,5 millionar i ny innreiing og nytt kjøken, men diverre har ikkje alt fungert som det skulle frå dag éin.

- Mellom anna mista vi gassen på kjøkkenet ein dag og kassaløysinga som vi tok over etter dei førre drivarane slutta plutseleg å fungera 17. mai. Dessverre har det tatt tid å få på plass ein ny løysing, noko som har gjort at vi ikkje har kunne tatt betalt med kort, forklarar Hassan.

– Alle kan gjera feil

Til episodane som har kome fram etter eit lesarinnlegg på Midtsiden seier Hassan at han ikkje kjenner seg heilt igjen i dei mange påstandane.

- Eg er ikkje samd i at vi har hatt dårleg service. Vi har vore i manko på tilsette og det har av og til blitt noko ventetid på maten, men skal ein laga skikkeleg mat, må det ta den tida det treng. Men å påstå at ein har venta i ein time på pommes frites er berre tull.

- Når det gjeld kunden som fekk løk i salaten sin sjølv om han ikkje skulle ha det, så beklagar eg det. Det var ein feil frå vår side, men vi kan alle gjera feil, seier Hassan.

- Dei kundane som påstår at vi har kjefta på dei meiner eg tek feil. Vi har freista å forklara kvifor ting har tatt tid, anten det har vore ismaskina som har vore tom eller andre ting.

Vil dei skal koma tilbake

Hassan ber igjen kundar som ikkje er nøgde om å ta det opp direkte med han i staden for å skriva kommentarar på nett eller å gå til andre med det.

- Eg vil at når folk går her ifrå så skal dei vera nøgde og ha lyst til å koma tilbake, slår han fast.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.