Lokal | 14. juli 2015

– Vi skal laga folkefest

Laurdag kjem NRK Sommerbåten til Os, med direktesending på kvelden. – Osingane er flinke til å stilla opp, no skal vi visa Noreg at vi kan laga folkefest, seier ordførar Terje Søviknes.

– Vi skal laga folkefest
– Bli med og lag folkefest, er det klare oppfordringa frå ordførar Terje Søviknes når NRK Sommerbåten kjem til Os laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 14. juli 2015 13:53

NRK Sommerbåten har sigla sin sigersgang langs kysten av Noreg siden dei starta i Vadsø 21. juni. På kvar ei hamn dei har stoppa og i einkvar fjord dei har vitja har dei blitt motteke av eit folkehav, både på brygga og på sjøen.

– Vi kan ikkje vera dårlegare på Os. Eg håper båtfolket legg turen godt ut på Bjørnafjorden og følgjer sommarbåten det siste stykket inn til brygga framfor Os sjøfront. Etter planen skal dei klappe til kai cirka klokka 14.

– Dei som ikkje har båt er like velkomne, still dykk opp med norske flagg og helsingar på kvart eit nes, på moloane inn mot hamna eller på andre plasser båten passerar, slik at dei verkeleg får oppleva at dei er velkomen til Os, oppmodar ordføraren.

Riggar med telt og mat

Vêrutsiktene er ikkje dei beste for laurdagen med spådommar om regn.

– Eg håper ikkje dette stoggar osingane, men for sikkerheits skuld har vi tinga to større telt som vil bli satt opp på brygga slik at folk i allefall til ein viss grad kan søke ly.

– I tillegg har eg utfordra restaurantane Engeline og Oseana til å stå for sal av mat og mineralvann. Det blir ikkje skjenking, det er trass alt eit familiearrangement. Men dei kjem med gode sjømatrettar, wraps, fiskesuppe og hot dog til dei yngste.

– Til dei yngste stiller òg Lilleballong opp med aktivitetar, men det viktigste av alt er at osingane stiller og viser fram den kreativiteten som er i bygda, anten det er i form av plakater, utkledning eller på andre måtar. Eg håper dei mange frivillige laga i bygda vil stille og visa kva dei har å by på.

Eirik og barnekor

Søviknes veit førebels lite om kva NRK ønskjer å fokusere på når dei kjem til Os.

– Eg har hatt dialog med dei, men har eit inntrykk av at mykje blir til undervegs. Det eg har forstått er at Eirik Søfteland med kor (ikkje barnekor, som vi først skreiv) skal stå for noko av underhaldninga og at oselvaren som Noreg sin nasjonalbåt skal få ein sentral plass. Kva dei ellers ønskjer å sjå og visa av Osbygda veit eg ikkje så mykje om.

– Dei vil nok laga reportasjer og innslag på brygga før sendinga tar til klokka 2130, så eg håper folk stiller opp om dei blir kontakta, seier Søviknes.

Blir i tre dagar

Sommerbåten blir liggande i Os i vel tre dager frå den kjem laurdag klokka 14 til den reiser tysdag morgon klokka 07.30.

– NRK har eit ønskje om at osingane vinkar dei farvel når dei reiser vidare til Odda som er neste hamn, så tysdagsmorgonen får vi vera tidleg på beina, avsluttar ordføraren.

Programleiarar for TV-sendinga fra vil vera Atle Bjurstrøm og Ida Nysæter Rasch før Carina Olset og Tarjei Strøm mønstrar på for å ta MS Sjøkurs vidare sørover. Det blir ikkje berre TV-sendingar frå Os. Også Reiseradioen på NRK 1 sender direkte frå sommerbåten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.