– Vi skal la dei unge få skina i kveld
Os Musikkforening gav solistoppdraga til dei yngste under kveldens konsert. Dei svara med å gje publikum hakeslepp.
Sjølv om det kanskje ikkje var heilt heldig for Os Musikkforening at handball-herrane kom seg til VM-finale, var det likevel nokon som valde nyttårkonsert i Tunet i kveld.
Om korpset sitt publikum er under snittet interessert i handball er uvisst, men det var heller lite smugtitting på mobilar å spora under konserten. For dei som valde konsert, var det i alle høve ein siger dei fekk vera med på.
Til Os med KOS
Krohnengen Old Stars, eller KOS som dei helst går under, fekk æra av å starta konserten.
Brassbandet består av tidlegare medlemmer og andre med hjarte for Krohnengen Brass Band. Dirigent Øyvind Raknes Nikolaisen leia gjestane gjennom NM-stykket som dei i desse dagar førebur seg på å framføra under NM i Grieghallen i april.
Velspelt ungdom
Så var det tid for dei unge.
Først ut var Regine Hatvik og Kamilla Bentzen på klarinett. Backa av ein musikkforening som osar speleglede og profesjonalitet, byrja ungdomen å skina.
Thomas Hjertaker på obo heidra norsk folkemusikk på elegant vis, og trompet-trioen Ragnhild Kristine Midtbø, Vibeke Nordtveit og Åshild Underhaug Berle synte samspel av høg karakter.
– No er eg berre veldig fornøyd
Ei som hausta ekstra applaus under kveldens konsert var trombonist, Emma Bahus Heimtoft.
I eit stykke kor Heimtoft i takt etter takt eigde rommet, heilt åleine, er det ekstra imponerande å veta at ho fekk notane rett før jul.
Den 17 år gamle solisten fortel at ho sjølv tykkjer det heile gjekk bra;
– No er er eg berre veldig fornøyd, og under stykket fokuserte eg berre på å spela fint for publikum.
Ein av fleire som har lete seg imponera av Heimtoft sin innsats, er musikkforening-veteran, og perkusjonist, Rune Herheim;
– Det har vore så kjekt å sjå korleis Emma har blomstra dei siste vekene. Ho har verkeleg vekse som musikar, og det er utruleg kjekt ho nå ho svarar på utfordringa med å levera slik ho gjorde i kveld.
Os Musikkforening vart dirigert av Magnus Brandseth - i kveld så energisk at notane til 1. fløytisten undervegs vart dirigert av notestativet hennar.