– Vi skal framleis tilby dei gode opplevingane
Sport1 Os har skifta namn til Stadion Sport Os. – Vi har halde på dei same tilsette og dei kjente merka, men har styrka vareutvalet, seier Jørgen Hansen.
I førre veke skifta Sport1 Os namn og profil til Stadion Sport.
– Vi følte at Stadion Sport-kjeda passa oss betre med tanke på vareutval og kva vil ønskjer vera for kundene våre, fortel butikksjef Jørgen Hansen.
Stadion Sport-kjeda er heileigd av medlemsbutikkane.
Rekordår i 2015
Bak skiftet ligg kun eit strategisk val.
– Vi har hatt det bra i Sport1-kjeda. Butikken går veldig bra. Vi leverer overskot. 2015 blei faktisk det beste året vårt sidan start. At vi har ein plass, at vi dekkjer eit behov i Os, er eg ikkje i tvil om.
Nye merke
– Valet om å skifta kjede handlar for oss om å ha moglegheiten til å tilby eit endå betre vareutval.
– Framleis skal kundane våre finne dei same varene som før. Norrøna, Bergans og Nike er sentrale leverandørar for oss. Men skiftet gir oss òg moglegheiten til å tilføye nye spennande varer. Vi står friare og tar no inn blant anna RAB og Lowe Alpine.
Spreke osingar
– Vi er store på tekstil og det skal vi halda fram med. Vi skal framleis vera vågale og å ta inn både den svarte, grøne og oransje buksa, slik at osingane har litt å velja i.
– Tør osingane å vera like vågale eller går dei for den trygge svarte?
– Osingane er veldig frampå, både når det gjeld fargar og nyvinningar, dei står ikkje tilbake for kundene på andre stadar. I tillegg er dei fantastisk hyggelige menneskjer som gjerne kjem innom for å slå av ein prat, fortel butikksjefen som sjølv bur i Fana.
Fagkunnskapen det viktigaste
Hansen er tydeleg på at dei ønskjer å skilja seg ut.
– Vi skal vera gode på fag. Sjølv er eg langrennstrenar i Fana. Difor fokuserer vi meir på langrennski, smøring og vedlikehald, enn vi gjer på alpint.
– Løpesko, både til terreng og til vanleg løping, er ein annan ting vi skal vera gode på. Vi har eit godt samarbeid med Opptur Motbakkeklubb, kor fleire av dei tilsette er aktive. Den kompetansen dei tileignar seg gjennom treninga bruker vi til å gje kundane gode råd.
– Kvalitetsvarer og hjelp til å velja rett produkt er essensen, kundane er på jakt etter den gode opplevinga anten dei skal på tur eller trening.