Fotball | 03. aug. 2024

– Vi klarte ikkje å koma oss heilt opp på hesten igjen

Kaptein Haga forklarer den dårlege starten på gårsdagens semifinale.

– Vi klarte ikkje å koma oss heilt opp på hesten igjen
Vebjørn Fykse Haga (t.v.) seier kameratane no er innstilte på å ta bronse med seg heim. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 03. aug. 2024 11:17

Mens Os G14 tok A-sølv og B-gull i 7-arfotball er Os G19 laget som, av 14 lag frå Os og Nore Neset, har tatt seg lengst i 11-arfotball.

Fredag kveld kunne dei bli første juniorlag frå Os sidan 1978 som tok seg til finale i Norway Cup.

I staden hamna dei under 0-3 og tapte 2-3.

Motstandar Ready skåra på corner i 3., 23. og 28. minutt, den siste etter klarering og nytt innlegg, dei to første var rett i nota.

Os reduserte ved Jakob Øvretveit Larsen på straffe rett før pause og til 2-3 på eit fint angrep i 54. minutt.

Pauseprat på stillinga 1-3 til pause mellom Os og Ready. (Foto: privat/Erlend Eidhammer)
Pauseprat på stillinga 1-3 til pause mellom Os og Ready. (Foto: privat/Erlend Eidhammer)

– Vi merka allereie i oppvarminga at kvartfinalen tidlegare på dagen hadde tatt på. Det var som om vi allereie hadde spelt finale, seier kaptein Vebjørn Fykse Haga.

Osingane hadde bygd seg opp mentalt til å møta akademilaget Mailantarki frå Nigeria, ein kvartfinale der dei verkeleg måtte kriga for å vinna 1-0.

– Det var som om vi ikkje hadde kome oss heilt opp på hesten igjen til denne kampen, seier Haga.

Sjølv om finalebillett sto på spel, var ikkje tenninga heilt på plass, noko det å sleppa inn tre mål på corner vitnar om.

– Vi var eit betre lag enn Ready spelemessig, men det er ikkje alltid nok til å vinna kampar. Eg såg at gutane ikkje var påskrudde, og dei fekk seg ei oppstramming i pausen, seier trenar Stian Kvåle.

– Dei responderte godt, men du kan ikkje gi vekk tre mål og forventa å ta det igjen.

No blir det bronsefinale på Ekeberg bane 2 klokka 16.55.

Motstandar er Ranheim, som Os tapte 1-3 for i andre kamp i puljespelet.

– Eg håper og trur at dei er revansjelystne, seier Kvåle.

Laget er no «heime» på Scandic Fornebu for å restituera, men skal gå seg ein tur saman før fellesmåltid og avreise til Ekeberg.

– No handlar alt om å få bronsemedalje med oss heim, seier Haga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.