Lokal | 03. sep. 2013

Vi kan ikkje garantera deg frisk!

Lesarinnlegg: Ingen parti kan garantera at sjuke blir friske. Men me kan vera med å påverka tidsramma for å diagnostisera og gje behandling.

Vi kan ikkje garantera deg frisk!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 03. sep. 2013 09:21

Mange slit med sjukdom i landet vårt. Og altfor mange ventar, ventar på rett diagnose. Ventar på rett behandling. Om talet er 270.000 eller 260.000, er for meg ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at alle desse ikkje skulle hatt denne lange ventetida. Og eg skjønar ikkje at det å ønskja menneske raskt gjennom i helsevesenet er meir på dagsorden. Og eigentleg burde dette ha utløyst meir handling frå dei styrande.

Men dei raudgrøne har andre prioriteringar.

Frp er klar til å ta fatt på køane. Me ønskjer å nytta ledig kapasitet hos dei private til å hjelpa. Hjelpa fleire, slik at dei fortare kan få ein diagnose og vidare behandling. Hjelpa slik at ein kan koma raskare i arbeid igjen. Og utan at ein ikkje får ekstra belastningar fordi ein ventar i helsekø. Det vere seg ekstra belastningar både psykiske og fysiske.

La det vere heilt klart: Frp vil behalda sjukelønnsordninga slik den er i dag. Trass i at venstresida tar i bruk usannheiter og påstår noko anna.

Vi har jamvel villa utvida den for enkelte pasientgrupper, som ein veit vil ha behov for eit lengre sjukefråvær enn eitt år. Dette fordi me meiner at ein ikkje skal påførast økonomisk byrde i tillegg til den alvorlege sjukdommen sin. Mange går over på arbeidsavklaringspengar, noko som reduserer inntekta med 34 prosent. Dette forslaget fekk berre Frp sine røyster i Stortinget.

Nei, vi kan ikkje garantera deg frisk, men vi vil gjera det vi kan for at sjukdomstida kan bli så skånsam som mogleg.

Du kan hjelpa oss til at Frp kan hjelpa sjuke den 9. september, om du er einig med oss!

Laila Marie Reiertsen
Stortingsrepresentant FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.