– Vi gjer for vanskelege val
Os tapte for Stord. No har dei kniven på strupen for å klare kvalifiseringa til den nasjonale 2. divisjonen.
Situasjonen før kampen var at om Os vann ville dei få ei luke til tabellnabo Stord som låg på plassen bak. I staden passerte øyfolket Os etter at Os tapte 20-26 for naboane frå sør.
– Det er litt som i dei andre kampane. Vi slit med å omsette sjansene til mål.
– I perioder spelar vi veldig bra, men vi gjer ofte ting for vanskeleg for oss sjølv, i staden for å spele på det enkle. Det er disse tinga vi jobbar med på trening, oppsummerar trenar Trond Førde Eriksen.
Vilde i slag
Ei som Førde Eriksen var godt nøgd med onsdag kveld er Vilde Brattabø, som putta 7. Mellomanna eitt på direkte frikast etter at tida var gått ut til pause.
– Vilde er god i dag. Når ho gjer ting enkelt så sit den i mål. Men også ho gjer ting litt for vanskeleg. Eg kunne ønskt meg at ho hadde gått meir rett på mål i staden for innover i banen i andreomgangen.
– Samstundes møter vi eit betre Stord-lag i dag, enn det vi møtte tidlegare i sesongen. Vi skal absolutt vera på høgde med dei, men i dag er dei hakket vassare enn oss, seier Førde Eriksen.
Sakna Madde i form
Kaptein og playmaker Madeleine (Madde) Hjertnes var onsdag ein litt bleik skugge av seg sjølv.
– Det er ikkje så rart. Ho spelte vel med noko i nærleiken av 40 i feber. Madde er utruleg viktig for oss, og er den som driv spelet vårt. I dag saknar vi tempoet og drivet ho til vanleg har.
– Samstundes må dei andre stå fram når ein av oss ikkje har dagen.
Bør vinna fire av seks
Med seks kampar igjen av serien er Førde Eriksen ærleg på at Os bør vinna fire av dei seks.
– Fyllingen og Sotra er betre lag enn oss. Det må vi berre innrømma. Men dei fire andre kampane bør og skal vi ta poeng i, avsluttar Førde Eriksen.
Os - Stord 20 - 26 (10-12)
Os sine målskårarar: Vilde Brattabø 7, Madeleine Hjertnes 4, Emilie Hjertnes Halhjem 1, Elise Hjelle 2, Malin Fosen 1, Hilde Kristine Røttingen 3, Mona Stigen Heggeland 1, Marte Øvreeide 1.