– Vi er unike
Kompetansen til dei tilsette på Oselvarverkstaden blir lagt merke til fleire stadar i verda.
Osingar flest er nok kjent med bygda sin båt, oselvaren, no også nasjonalbåten i Noreg.
Det kanskje ikkje alle veit er kor spesielt det er å ha ein båtverkstad som på fulltid held gamle byggetradisjonar ved lag.
Blir sett på som ekspertar
Båtbyggjar Maik Riebort blei tilsett ved verkstaden i 2002 og har etterpå vore med og bygd vikingskip i Roskilde og skal til Berlin hausten 2014.
– Ekspertisen vi sit på er etterspurd rundt om i heile verda.
- Vi som arbeider her er ekspertar på klinkbygging, noko som er ganske unikt. Det er få andre stadar ein held i hevd dei gamle tradisjonane ved å bygga nye båtar på gamlemåten år etter år.
Populære båtar
Oselvarverkstaden har bygd over 80 båtar siden opninga i 1997, og etter over 300 timar med arbeid er Riebort snart klar med å levera det siste prosjektet til nye eigarar.
- Her byggjer vi alt frå start til slutt, vi går sjølv i skogen etter emne, vi lager vår eiga tjære og vi bygger kvar vår båt.
- Vi byggjer ikkje etter teikningar, men etter kunnskapen vi har lært oss etter fleire år i faget.
Vitja Slovenia
Torsdag fekk verkstaden besøk av ei gruppe frå Heritage House, eit opplæringsenter for immateriell kulturarv.
Senteret ønskjer, blant anna, å beskytta den immaterielle kulturarva til folket som bur ved den periodiske innsjøen Cerknica i Slovenia, og å lære tradisjonane innan båtbygging, handarbeid, smed, språk og musikk, vidare til dei yngre generasjonane.
- Vi håper at dette kan vera med på å få unge til å bli verande i regionen og å brødfø seg ved å følge bærekraftige prinsipp, fortel Ljoba Jenče frå Heritage House.
For nokre veker sidan reiste Berit Synnøve Osmundsen frå Oselvarverkstaden ned til senteret for å arbeida saman med den aller siste som sit på kompetansen til å byggja deira tradisjonelle båt, Drevak.
Båtbyggaren er over 70 år gamal, og gjennom Heritage House har han no fått åtte unge lærlingar som skal læra seg faget på den tradisjonelle måten, dei blir kalla "young guardians of heritage".
- Gamal kunnskap blir gløymd, så no har vi planar om å bruka to år på å utdanna studentane, og vi håper med dette at andre vil læra meir.
Inspirarande for dei unge
For Berit var turen til Slovenia veldig interessant.
- Drovak og Oselvaren er to veldig ulike båtar. Oselvaren har, frå ein uthula tømmerstokk, gjennom åra utvikla seg i høgda, medan Drovak gjekk andre vegen, blei breidare og er flat i botnen.
- Men materialkunnskapen og måten vi behandlar materialet på er veldig mykje den same.
Jenče fortel at det var utruleg inspirerande for dei unge å sjå Berit i arbeid.
- Det er veldig kjekt å kunna dela kunnskap med kvarandre, og eg er imponert av å sjå kor mykje kunnskap som finst her i Os.
Vil på UNESCO- liste
Neste år vil Osevarverkstaden søka om å komma på UNESCO si immaterielle kulturarvliste.
- Alt vi gjer her passar inn i krava, det gjeld berre å få skrive søknaden rett, og det skal Norsk Kulturråd hjelpe oss med.
Riebort håper at det å få UNESCO-stempel vil vekkja både lokal og internasjonal interesse.
- Gjennom Economusee og Bjørnefjorden Gjestetun får vi inn busslaster av turistar, seinast i går kom ein buss full av utanlandske turistar, så interessa er der.
- Vi gjer alt vi kan for å ta vare på kunnskapen, og blir det betre tilrettelagt så veit eg at folk i Os har lyst å læra meir om oselvaren og den unike kulturarva vi har her.