– Vi er så klare som vi kan bli
Det sa ordførar Terje Søviknes etter førebuande møte i kommunal kriseleiing i dag.
Han poengterer at det er førebuande, og at dei ikkje vurderer det slik at det er krise enno.
– No har vi gjennomgått alle tenesteområda, og gått igjennom status på det arbeidet som er gjort førebels.
– På det tekniske området går vi gått gjennom og sett til at vi har nok bemanning, og at alt tilgjengeleg utstyr er klargjort. Vi skal vera klare til å handtera både ulukker av ymse slag og vegryddingsarbeid. Når det gjeld brann og redning er statusen den same. Planverket er gjennomgått, bemanninga er klar og erfaringar frå stormen «Nina» friska opp i.
Kan involvera Røde Kors
– Når det gjeld helse og omsorgstenestene, særleg dei heimebasete, hausta vi ein del erfaringar frå stormen i fjor vinter. Dei som skal ut og rundt når det stormar som verst får med seg ekstra utstyr i bilen. Vi har også avtale med Røde Kors, at dersom det vert langvarige straumbrot kan vi bruka Røde Kors-personell til å oppsøka dei som har tryggleiksalarmar, slik at vi får sjekka ut at alle har det bra. Men eg vil poengtera at dette vil først skje dersom vi får straumbrot som varer lenge.
Vil ikkje stengja
– Når det gjeld skular og barnehagar som mange nok er opptekne av, så har vi vurdert det slik at dagen går som normalt. Men dersom vi kjem i ein ekstremsituasjon, der politiet vurderer det slik at det er fare for liv og helse ved å gå ut, vil vi halda borna igjen i skulane til dei vert henta, eller det vert vurdert som trygt å ferdast ute.
– Vi vil også melda ut til barnehagane at dersom vi kjem i ein situasjon der til dømes vegstengingar gjer det vanskeleg for foreldra å henta ungane innan vanleg opningstid, så skal barnehagane halda ope til siste barn er henta.
– Dersom foreldre har spørsmål utover dette oppmodar vi dei til å ta kontakt direkte med dei enkelte skulane og barnehagane.
Personleg ansvar
Ordføraren minner om at innbyggjarane også har eit personleg ansvar oppe i dette.
– Det gjekk ut melding i går om at det ville vera lurt å rydda og sikra lause gjenstandar. Det håpar vi er gjort, men om noko gjenstår er det framleis tid til ein liten innsats.
– Eg vil også oppmode folk om å halda auge med kvarandre, og visa litt ekstra merksemd overfor naboar og gjerne andre som er aleine, eller kan trenga assistanse undervegs.
– Til slutt vil eg minna om at dersom det vert uvêr med opptil orkan i kasta, så er det fare forbunde med å opphalda seg utandørs. Ver fornuftige, følg med i lokale media og på kommunen sine nettsider, er oppmodinga frå ordføraren.