– Vi badar kvar dag
Rapport frå Steinneset, Mobergsvikjo og Ulvenvatnet: Sånn nyter osingane dei siste dagane av den strålande sommarveka.
Fredag kom sola, i helga auka temperaturen og utover veka har vi hatt strålande sommarvêr med 24 til 26 varmegradar i Os.
Les òg: Over 20 gradar i vatnet
Finvêret skal halda fram til ut fredag, fredag kveld kan det koma litt nedbør og i helga er det venta både skyer og lågare temperaturar.
Krabbefangst i Steinnesetfjøra
Ute ved Steinneset er ei populær fjøre med fine steinar, flytebrygge å symja til og god tilkomst med bil.
– Vi fangar krabbar, seier Timian (6) og viser ei halvfull bøtte med alle storleikar representert.
Med seg på krabbejakt har han Madelen (8 1/2) og Elliot (11).
Fjøra elles var fredeleg, men med bra med folk mellom slippane framfor nausta i enden av fjøra.
Populære Mobergsvikjo
Onsdag tok Midtsiden turen innom Steinneset, Mobergsvikjo og Sigurdsvikjo.
I Mobergsvikjo, som blei oppgradert med ny mur mellom plenen og stranda før sommaren i fjor, låg folk som på 80- og 90-talet, tett i tett, barnefamiliar og ungdom, i fjøra og på graset.
– Vi har vore her kvar dag denne veka. Vikjo e' gøyast, for her er det stupebrett, seier Tina (10) og tar seg eit hopp saman med venninna Maia (11).
Cliffdiving i Ulvenvatnet
Også Sigurdsvikjo i Ulvenvatnet har god tilkomst med bil, ned frå Industrivegen i Kolskogen.
Her var det like fredeleg som på Steinneset, men bra med action på flytebryggene.
– Vi har vore her tre dagar på rad. Det er kjekt med bryggene å bada ifrå, og med fjellveggen å stupa frå, seier Adrion (10 1/2) og demonstrerer.
Venninnene Ronja (9), Emily (8 1/2) og Marion (9) hadde også stor glede av bryggene.
Litt finvêr neste veke òg?
• Yr.no melder regn og 16-18 gradar i helga, regn og 14 gradar heile neste veke.
• Storm.no melder litt nedbør i helga, lettskya og 19 gradar måndag, litt nedbør og 18 gradar utover veka.