Lokal | 09. apr. 2015

VG viser dei falne

I dag, 75 år etter 2. verdskrig kom til Noreg, presenterer VG ein unik database der du blant anna finn historia til 19 falne frå Os.

VG viser dei falne
Skjermdump frå VG Nett (brukt etter samtykke med Engebretsen/VG)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. apr. 2015 14:16

Tysdag 9. april 1940 blei vi invadert av Tyskland og 2. verdskrig hadde kome til Noreg.

I dag, 75 år seinare, presenterer VG.no ein database med informasjon om 11.724 falne nordmenn. Du kan ska etter namn eller stad og få opp informasjon om fødselsdato, familieforhold og dødsårsak. Fleire av dei falne er det også bilde av.

Her kan du søka i VG sin database.

VG-journalist Dan Kåre Engebretsen er blant dei som har brukte dei siste seks vekene på å forma denne databasen.

–Den har vore mykje lest og brukt i dag og vi har fått mange fine tilbakemeldingar, fortel Enebretsen.

– Mange er glade for å lesa om sine og andre har spørsmål og ber om hjelp til å finna eigne familiemedlemmar. Nokre namn har vore stava feil, det kan vera snakk om ein «Odvar» med to d-ar, men det skal vera få hol i materialet som no ligg ute.

– Kvar har de fått informasjonen frå?

– Mange lokalaviser har ringt oss i dag, men det er du den første som spør om. Det er ei litt artig historie. Først fekk vi hjelp av DIS Norge, som er ein organisasjon som driv med slektsgransking, og som har digitalisert alle dei fire binda av «Våre Falne», ei bok som Staten gav ut etter krigen.

Desse listene var utan profil og bilde.

– Så høyrde vi med Nasjonalbiblioteket, om ikkje deira informasjon om dei falne er offentlege dokument. Og det var dei etter kort tid einige i, så då fekk vi tilgang på dette òg. Så lagde vi ei teknisk løysing her på huset, der vi fekk namn. profil og bilde synkronisert, og databasen var klar.

I kamp og forlis

Om du søkjer på Os i VG sin database så finn du 19 namn, 18 menn og ei kvinne, på falne i eller frå Os.

Dei har døydd i forlis og skotveksling, eller som yngstemann på lista, fem månadar gamle Jan Gunnar Grindevoll, som døydde av ein granat under eit uhell under ei øving tyskarane hadde mens han var heime i huset sitt og låg og søv.

Nokre osingar har døydd i ulike forlis i Korsfjorden, Nordsjøen, i Nordsihavet og utanfor Australia, andre har døydd i skotvekslingar på Voss eller på Kreta, eller i fangenskap i Noreg eller Tyskland.

Desse osingane kan du lesa meir om i VG sin database:
(I kronoligisk rekkefølge etter kor tid dei døydde)
Nils Larsen Sperrevik
Ole N Kobbeltvedt
Hans Johan Eidsvik
Mikkel Os
Johan Sandvik
Karl Nicolai Nilsen
Karl Andreas Lekven
Olav Hægeland
Einar Eldøen Lunde
Ola Valle Moberg
Harald Haugland
Lars Johan Svendsen Nordal
Steen Waldemar Dannevig Hauge
Jan Gunnar Grindevoll
Olav Lekven
Johanna Madsen
Nils Høisæter
Jon Fagerthun

Her kan du søka i VG sin database.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.