Veteranar heidra ved Botnahytta
Kåre Johnsen og Malvin Samnøy kom tilbake, 71 år etter, og blei heidra på beste vis av Bjørn West-soldatar.
I 2014 var det 70 år sidan eit Wellington bombefly med seks canadiarar måtte naudlanda på Haugland i Os. Motstandsfolk kom Gestapo i forkjøpet og frakta canadiarane i skjul i Botnahytta. I 2015 sto hytta ferdig restaurert.
Søndag 8. mai i år, på Frigjeringsdagen og Veterandagen, blei to heidersmenn heidra på Botnane, på dagen 71 år etter at dei sjølv overnatta der i samband med at motstandsfolk samla seg for å førebu vakthald då krigen var over.
Kåre Johnsen, som fyller 90 år i morgon, og lagkameraten Malvin Samnøy, som fyller 93 år seinare i år, er blant dei siste som framleis er i live av dei mange som skjulte seg i hytta under krigen.
– Skulle berre markera dagen med veteranvenar
Det som enda med å bli eit gledeleg gjensyn med hytta og ein staseleg seremoni med song og medaljeutdeling ved varaordførar Marie Lunde Bruarøy, var i utgangspunktet ein privat overnattingstur for fire kameratar får HV «Bjørn West».
– Vi ville markera Veterandagen med overnatting utandørs, fortel Nils-Petter Eidem på vegne av seg sjølv og Bjørn West-kameratane Erik Nagel, Karstein Golten og Hans Christian von Krogh.
Så kom det forslag om å ta med familiane, koner og born, for dei som hadde det. Eidem hadde lest litt om Botnane og om hytta, og blei kjent med at denne hadde ei viss tilknyting til innsatsstyrken Bjørn West.
I februar 1945 reiste 34 milorg-jegerar frå Os via Osterøy til Matre og knytta seg til Bjørn West. Dette var organisert av O-70 Jacob Hjelle, som var sterkt tilknytta Botnane.
– Eg fann ut at dette var ein fin stad for markeringa.
Skaffa medaljar – og varaordførar
Eidem diskuterte Botnane med sambuaren Marita Strønen sin bestefar, Kåre Johnsen, og fekk veta at han både hadde vore med i Milorg og at han hadde vore i Botnahytta 8. mai 1945.
– Eg syntest at å få han med til Botnane, akkurat på denne dagen, ville vore fantastisk!
I tillegg fekk han veta at Kåre sin lagkamerat Malvin Samnøy òg var på hytta dagane då krigen tok slutt.
– For det første ville eg ha transportmiddel til delar av den 3,6 kilometer lange fjellturen, for det andre fann eg ut at desse to ikkje hadde fått tildelt nokre av medaljane dei er kvalifiserte for etter krigen.
Tida var knapp, med Kristi himmelfartsdag same veka som 8. mai, men Eidem fekk god hjelp i alle kanalar.
Bjarne Øvredal gav ikkje berre frå seg nøkkel til bommen, han blei med på turen.
Major Harald Drægebø, sjef for innsatsstyrken Bjørn West, svarte ja med éin gong, Eidem og kameratane fekk låna køyretøy. Major Tom Botngård, delprosjektleiar i Regjeringens Minnemedalje, Forsvarsdepartementet, viste òg fleksiblitet for å få medaljane på plass i tide.
Medaljane måtte overrekast av ein representant frå Os kommune. Varaordførar Marie Lunde Bruarøy fekk ordførar Terje Søviknes til å steppa inn som vikar i Minneparken og tok oppdraget på Botnane. Bruarøy er nabo med Kåre, som ikkje skulle veta at det var meir enn ein hyttetur på gang.
Dei to veteranane, dei fire Bjørn West-soldatane, familiemedlemmar og varaordførar (kamuflert som nabo) sette i marsj. Med litt assistanse til dei eldste kom alle seg fram til målet. Seremonien kunne starta.
Tok oppstilling
To eksemplar av Regjeringens minnemedalje var med på turen.
Eidem hadde førebudd ein tale og då alle var på plass ved hytta tok dei fire uniformkledde soldatane oppstilling.
– «Eg var berre ein menig, du må ikkje lage nokke styr». Eg skal ikkje laga styr, Kåre. Men vi veit nok alle at det hadde ikkje nytta å gøyma seg bak «eg er berre ein menig» om de hadde blitt tatt. Vala de tok då de blei med i motstandsarbeidet medførte risiko både for dykk og for familiane dykkar.
Nils-Petter heldt fram med å heidra veteranane frå andre verdskrig før han avslørte at Marie Lunde Bruarøy var med på turen som varaordførar, ikkje som nabo og ven av familien.
Så fekk dei to tildelt medaljane før varaordføraren, saman med Kåre sitt barnebarn Marita, song Griegs «Til ungdommen».
«Ikkje leit etter meg»
Då krigen gjekk mot slutten var det uvisst korleis tyskarar og sympatisørar ville reagera. Laurdag 5. mai fekk Kåre, Malvin og resten av laget beskjed om å møta i ei fjøre i Øyane.
– Du fekk knapt med informasjon og stilte ikkje spørsmål, fortel Kåre.
«Kjære mor og far. Eg lyt reisa ein tur, men ikkje leit etter meg» sto det på lappen han la på puta til foreldra sine.
– Farfaren din Herman Bruarøy køyrde oss til Rolvsvåg med båt, fortel Kåre til underteikna. Vi var over fjorden og henta nokre våpen før vi gjekk til Botnahytta. Der var det fleire frå motstandsrørsla som samla seg gjennom helga.
Johnsen og Samnøy var i Botnahytta frå 5. til 8. mai og venta på ordre. Så gjekk dei vidare til ei anna hytte før dei blei henta med lastebil i Øvredalen og køyrd til Bergen.
– I Bergen fekk alle uniformar og våpen og blei delt inn i vaktlag. Eg var vakt i ein månad før eg reiste heim.
Ein god dag på Botnane
Kåre har vore på Botnane éin gong etter krigen, med Os Turlag tidlega på 80-talet. For Malvin sin del var det første gjensyn etter 8. mai 1945.
Restaureringa av hytta var dei nøgd med, og det var tydeleg at dei to hugsar fleire detaljar frå opphaldet, til og med korleis hytta var møblert.
– Vi set veldig stor pris på at vi fekk oppleva dette, både apparatet som blei sett i sving for å få det til, og måten dei gjorde det på!
– All ære og honnør til Nils-Petter Eidem og alle som stilte opp, seier veteran Kåre Johnsen.
Eidem seier det av fleire årsaker var spesielt å få dela 8. mai med Johnsen og Samnøy.
– Heimevernet blei i stor grad basert på gutane frå Milorg og Linge då HV blei oppretta desember 1946. Då var det ein osing og tidlegare sjef for Milorg i Bergen, Mons Haukeland, som var generalinspektør for HV.
– HV er 70 år i år. Alle innsatsstyrkene til HV har tatt namn etter Milorg/Linge-operasjonar. Derfor var det spesielt og viktig for oss å kunna dela dagen med desse to veteranane.