Vestlandshumor i austlandsk innpakning
Oseana opnar dørene for Dizziteater-suksessen «Gammel dame, vond å vende» 23. januar
Med ein gjeng rogalendingar bak manus og regi, og humorfyrverkeri som Anne Marie Ottersen og Brit Elisabeth Haagensli på scena er det duka for ståande applaus på alle kulturscener i landet.
Denne komedien handlar om to eldre kvinner som mot sin vilje blir plassert på same rom på sjukeheimen. Komedien handlar om rappkjefta Maggi frå Vålerenga og den noko naive rikmannsenka Lillemor frå Frogner.
Det blir krangla høglytt, og konspirert i fellesskap. Sjukeheimsmaten blir ein felles fiende, begge beiler til same mann og kulturkollisjonen mellom aust- og vestkant blir karikert til det ekstreme.
Oseana seier i programomtalen sin at dette er ei morosam forestilling som samtidig gjev rom for refleksjon og ettertanke rundt norsk eldreomsorg. «Men først og fremst er det ein hylande vittig komedie der dei to allsidige artistane får visa fram heile spekteret i sitt komiske repertoar.»