Vestafjell skal utvida Lepsøyvegen
I går signerte dei avtalen, i september byrjar dei på utvidinga frå Grindavoll til botnen av Storumbakken.
I mai fortalte vi at det hadde kome inn åtte tilbod på prosjektet Grindavoll - Blindasundet, fase 1 i utviding av fylkesveg 158 Lepsøyvegen.
I går signerte Vestafjell AS kontrakt på prosjektet.
– Vi var faktisk berre 68.000 kroner billigare enn nummer to, seier Vestafjell-direktør Morten A. Hansen om prosjektet til 35 millionar kroner.
1.220 meter med veg og nye kryss
Prosjektet gjeld utviding av Lepsøyvegen og bygging av gang- og sykkelsti.
– Fase 1 startar 30 meter før krysset ved Hagavik Hjemmebakeri. Krysset skal lagast nytt og så skal vegen utvidast vidare ut mot Lepsøy.
I første omgang blir vegen utvida fram til få meter frå botnen av Storumbakken.
Også krysset inn til Skeisstøa mot Ravneberghaugen blir nytt. Vegen skal rettast ut og kjem på dette partiet ikkje til å ligga som utvida del av eksisterande veg.
Få opphald i trafikken
Arbeidet skal starta 1. september og stå ferdig i november 2016.
– Utvidinga blir i hovudsak på venstresida av vegen når du kjører mot Lepsøy.
Hansen seier trafikken til og frå Øyane stort sett skal kunna gå som normalt.
– Det blir stopp når vi skal sprenga eller skjera i fjell, elles skal det bli få periodar med stenging. Det er ganske strenge krav i oppdraget.
– Vi startar med å bygga den utvida delen og tar trafikken over på denne når eksisterande veg skal utbetrast og koblast saman med den nye for utviding.
Oppdraget er ganske likt det Vestafjell er i ferd med å avslutta i Fusa. Der har dei utvida vegen frå Venjaneset 2,1 kilometer mot Vinnes.