Verdt å venta på
Søndag opna Hjellemarka FUS barnehage i nye lokaler med open dag for born og foreldre. – Dette har vi venta på i seks og eitt halvt år, seier Birte Strømsø Holsen.
For seks og eitt halvt år sidan flytta barnehagen inn i ein midlertidig pavillong like ved Søfteland barneskule. Planen var at dei ikkje skulle vera der så lenge, men stadige forseinkingar i Hjellemarka gjorde at den nye barnehagen lot venta på seg.
Søndag var det derfor berre smil å sjå då dagleg leiar Birte Strømsø Holsen og dei andre tilsette i barnehagen inviterte born, foreldre og andre interesserte til ope hus.
– Dette har vi venta på i seks og eitt halvt år, men når vi ser kor bra det har blitt har det vore verdt å vente på, smiler Holsen når ho tek Midtsiden med på ein rundtur.
Lokale namn
Barnehagen utvidar frå tre til fire avdelingar og tek òg opp i seg barna som har gått i Sælehaugen barnehagen som no legg inn årane.
– Nede har vi dei to småbarnsavdelingane, Gåsakilen og Stallen. I andre høgda er det god plass for dei større barna på Langedalen og Monsdalen. Vi nyttar lokale Søftelandsnamn på avdelingane, forklarar Holsen.
På spørsmål om kva om er mest nøgd med i det nye bygget blir den daglege leiaren svar skuldig.
– Vi har fått eit fantastisk bygg og fått gode løysingar med fellesrom i midten og avdelingane på kvar side. Slik var det ikkje på dei opprinnelege teikningane. Med den løysinga vi har no, så slepp vi unødvendig renn på tvers av avdelingane.
– Men det eg trur eg liker aller best er dei flotte kontrastveggane vi har fått på kvar avdeling. Dei har verkeleg blitt flotte, konstanterar Holsen.
Smart mat
I kjøkenet/fellesrommet i andre etasjen har ei smart kjøkkenøy fått ein sentral plass.
– Ein av tinga vi jobbar med i FUS-barnehagane er «smart mat»-konseptet kor ungane er med å lage maten frå bunn av. Då måtte vi sjølvsagt legga til rette for det også i innreiinga.
– To av dei tilsette har vore på kurs og er del av konseptet kor dei deler oppskrifter og får tips frå dei andre barnehagane. Poenget er at barna skal læra at det er gøy å lage mat, lære kor maten kjem frå og oppleve det sosiale med eit godt måltid, forklarer barnehageleiaren.