Ventar på betre vêr
Klatrestativet på Lyngheim har kome opp. No ventar kommunen på opphaldsvêr for å få lagt gummidekke under det.
I formannskapet i oktober fortalde kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, at leikestativet på Lyngheim var satt i bestilling. No har det kome på plass, men framleis må små og store smørja seg med litt tolmodigheit.
Skal legga gummidekke
Etter å ha undersøkt med teknisk eining, som har jobben med å setta opp leikeplassen, fortel Tjosås at dei førebels ikkje har ein dato for når klatrestativet opnar.
– Vi har ikkje satt nokon dato grunna ustabilt vêr/temperatur. Den 14. desember blei vi ferdige med grunnarbeida, men sidan onsdag i førre veke har det ikkje vore temperatur/opphaldsluke som er god nok til å ferdigstilla det. Det er viktig å å få eit fint sluttprodukt, difor har det lagt litt på vent, var tilbakemeldinga Tjosås fekk.
Utfordringa er å få lagt eit gummidekke som sikring under klatrestativet. Dette treng stabilt vêr og ein viss temperatur før det kan leggast.