Ventar på avklaring
Bygginga av den nye delen på Luranetunet drøyar. – Vi håper på ei avklaring i løpet av januar, seier Tor Inge Døsen.
Kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap, Nils Petter Borge, fortalte i tenesteutvalet i november at kommunen truleg måtte søkja dispensasjon frå riksantikvaren i samband med bygginga av den nye delen på Luranetunet. Grunnen var omsynet til dei gamle fornminnene som ligg for tett på området ein vil bygga på.
Undersøkingane av dei tidlege buplassar, gravhaugar og kokegroper i samband med avgravinga på Lurane før jul forseinkar framleis prosjektet. Søknaden blei sendt før jul og prosjektsjef Tor Inge Døsen håper på eit svar i løpet av nær framtid.
– Vi får ikkje starta på hovudjobben før riksantikvaren har gitt sitt samtykke. Den eine ligg litt i konflikt med den planlagde utbyygginga. Dette forseinkar dei nye sjukeheimsplassane og omsorgsbustadane noko, seier prosjektleiar Døsen.
– Vi har søkt om dispensasjon, og ventar svar i løpet av denne månaden. Vi håpar å få fortgang i saka, slik at vi kan setja den nye delen av Lurane i drift i løpet av hausten 2017 - litt forseinka, avsluttar han.
Avstanden til fornminnene skal vera minst 5 meter og det er dette ein no søkjer dispensasjon frå.