Ventar med å ta betaling her
– Vi vil ha utvida plass ved Fjellheim ferdig først.
Søndag 1. oktober kom trinn 1 av fase 1 for nytt parkeringsregime på Osøyro i drift.
Då blei det to timar gratis og 20 kroner timen etter gratisperioden to stadar i Os sentrum: Giskavollen Parkering (123 plassar) og parkeringsplassen framfor rådhuset (46 plassar).
Alle andre plassar i sentrum er utan handheving, foreløpig.
Onsdag 1. november skulle andre trinn ha starta, på Circke K-tomta (tidlegare Statoil). Også der skal det bli gratis i to timar, så 20 kroner timen etterpå.
– Vi vil venta til utvida parkering mellom Fjellheim og Os Næringspark er klar, seier prosjektansvarleg Lisbeth Axelsen.
Der er det asfaltering neste veke. Målet er at den skal bli klar for bruk i løpet av veka.
Betaling (etter to timar gratis) på Circle K startar laurdag 11. november.
Det betyr truleg at denne sentrumsnære plassen får fleire ledig plassar, og at dei som vil stå åtte timar gratis kan stå ved Fjellheim.
– Vi ser at mange no bruker plassen framfor rådhuset, og at sirkulasjonen der er god, mens det er ein god del ledige plassar i parkeringshuset i Giskavollen, sjølv om avstanden til Øyro er kort også herfrå.
– Så blir det spennande å sjå om kundar og andre korttidsgjestar vel å bruka Circle K-tomta når vi får langtidsparkerarar vekk derfrå.
Det blir inga overvaking eller betaling (etter åtte timar) ved Fjellheim med det første.
– Det neste trinnet blir når skiltplanen er godkjent, og det skjer nok tidlegast i januar 2024, seier Axelsen.