Vêret i Os | 15. nov. 2024

Ventar liten kuling og høg flo

I helga blir det fuktig - i neste veke er det venta frost.

Ventar liten kuling og høg flo
Os gjestebrygge 22. januar i år. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. nov. 2024 13:53

Det er venta høg vasstand frå vårt område og nordover dei neste dagane. I Møre og Romsdal er det sendt ut oransje farevarsel, her sør nøyer dei seg med gult.

«På grunn av høye bølger vis forsiktighet ved ferdsel i strandsonen. Sjekk fortøyningen til båten og sikre løse gjenstander i strandsonen» skriv Kartverket om Osøyro.

I Os hamn er det meldt flo fredag klokka 22.02 og laurdag klokka 10.34 og 22.51.

Fredag kveld er det meldt liten kuling frå sørvest. Vindstyrken skal halda seg frisk utover laurdagen, men løya til laurdag kveld.

Det er meldt mykje nedbør fredag kveld, men laurdag er Yr og Storm ueinige om nedbørsmengda, og den er uansett venta å bli mindre.

Samtidig veks elva, og med meir nedbør vil vassføringa halda fram med å auka. Det går dessutan cirka eit døgn før trenden på Røykenes når nedre del av Oselvo.

Vassføring på Røyknes nett no. Graf: sildre.nve.no
Vassføring på Røyknes nett no. Graf: sildre.nve.no

Det er venta ein del nedbør søndag òg, men søndag kveld skal det letta.

Så kjem sol og kulde.

Måndag er det meldt 2-3 plussgradar, men tysdag er det venta frå 1 minus til 1 plussgrad.

Det betyr at du må stå i regn og kuling og skifta til vinterdekk i helga. Eller venta til siste liten - i finvêret måndag kveld.

Nyttige lenkjer:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.