Ventar fullsett kyrkje
Ei lang rekkje lokale artistar stiller i kveld opp på dugnad for å støtta Sigrid Tvedt sitt arbeid. Sjå lista!
Tidlegare i desember fortalte vi om Ingvild Hetlevik og Hallgeir Bjørnevik sitt initiativ: Gratiskonsert med kollekt for Sigrid Tvedt sin innsats for vanskelegstilte og rusavhengige.
- Vi har fått veldig god respons på saka og over 80 personar har via Facebook-sida til arrangementet stadfesta at dei kjem, seier Hallgeir til Midtsiden.no i dag.
Tysdag kveld klokka 19 startar konserten, som blir halden i Os kyrkje. Då blir det truleg fullt både på benkane og på scenen.
- Veldig mange artistar, frå band og kor til musikarar og vokalistar, har sagt at dei vil stilla, det synes vi er veldig kjekt.
Her er lista over dei du kan få oppleva i Os kyrkje i kveld.
(Solistar, band, kor og musikarar)
Jostein Berge m/band, Tone Linn Mjånes, Anne Solberg Andersson, Fonos, Anna Lekven Moberg, Lisa Midtseter, Leif Østrem, Marianne Østrem, Hallgeir Bjørnevik, The Robins (med bl.a. Stine Kobbeltvedt, Marita Hjelle og Heine Salbu) Kari Torsvik, Jan Helge Kordts, Steinar Lyssand, Knut Arne Haringstad, Nomi Nedrum Hummelslund, June Strønen, Kristina Sørås, Linda Haugland, Øyvind Gjerde, Knut Vidar Garlid, Aasmund Brekke, Øyvind Vedvik, Rune Døsen Dahl, Ingvild Hetlevik, Knut Inge Johnsen, Simon Bjørnevik, Nils Midtseter, Jostein Halland og Øyvind Hodneland.
I tillegg kjem kordeltakarar, enkelte bandmedlemmar som ikkje er nemt med namn og kanskje ein og annan som er gløymt.