Lokal | 18. aug. 2012

Velta med promille

• Velt og beinbrot: To personar er mistenkt for promillekjøring • Mista førarkortet etter nesten-ulykke

Velta med promille
(Ill foto KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 18. aug. 2012 10:41

Fredag var politiet bak Joker-butikken på Søfteland for å ta periodisk sjekk av laseren. Då kom det tilfeldigvis ein uoppmerksam, ung bilførar forbi.

– Ho heldt på å kjøra ned ein liten gut. Patruljen stoppa ho og tok beslag i førarkortet, fortel politibetjent Ole Kristoffer Tveiten.

I 3-tida natt til laurdag fekk politiet melding om mc-ulykke i Holtbrekka (bak Best-stasjonen).

Politiet fekk melding om at det hadde vore to på mopeden og at ein av dei hadde knekt foten. Vel framme fann patruljen berre éin av dei to, og dei bestilte hundepatrulje for å få hjelp til søket.

Men politiet fann den andre personen også, han hadde skadd armen sin. Éin blei sendt til sjukehus, den andre til legevakt.

– Ingen erkjenner å ha kjørt mopeden, så begge er mistenkt for promillekjøring, opplyser Tveiten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.