Vellukka MOT-leir og friluftskular
Mange deltakarar då Vidar Øvredal arrangerte MOT-leir og friluftskular for born og unge.
Værmessig var det ein enkel oppgave å arrangera leirar i år. Aktivitetslystne ungdomar, der dei fleste hadde fulgt oppfordringa om å leggja att mobiltelefonen heime, var og eit godt utgangspunkt. Det var dagsprogram med felles aktivitetar og utflukter, men og aktivitetar basert på deltakarane sitt eige initiativ.
– Dette fungerte svært bra med mykje aktivitet, slik som pilkast, badminton, frisbeegolf, stylter og ballspel, fortel Øvredal i ei melding til Midtsiden.
Kommune og BOF som medarrangørar
MOT-leiren er for åttande- og niandeklassingar i Os, der Os kommune står som arrangør, godt assistert av Vidar Øvredal. Leiren starta med sykkeltur langs kyststien til Hatvik og vidare over til Fusa og Vinnesholmen. Leiren varte i tre døgn.
Dei to friluftsskulane vart arrangert av Bergen og omland friluftsråd for barn som er 11-13 år. Vidar Øvredal stod for gjennomføringa. Kvar leir varte i fire dagar.
– Første leir hadde to overnattingar, der mange sov under open himmel. På friluftsleir nummer to var det ei overnatting.
– Leirane inneheld mykje kajakkpadling, bading, tubekøyring, rappellering, buldring i selskap med geiter, handmating av store fargerike koy-fiskar, leik og moro, tur til klatrepark og god heimelaga mat ute i det fri, fortel Øvredal.
Deltakarane på desse leirane er barn frå både Fusa og Os.
Os Lions bidreg til leirane gjennom bruk av Ramsholmen og kajakkane der.
MOT-leir og friluftsskule i starten av sommarferien er no godt innarbeidde opplegg, som hadde over 60 deltakarar i år.
Fleire leirar på trappene
Det går framleis an å komma seg på leir i sommar!
– Det finst eit nytt ferietilbodet for dei mellom 13 og 17 år som ønskjer ein rimeleg, men aktiv ferie, fortel Vidar Øvredal.
Han har nemleg fått statleg tilskot gjennom Fusa Kommune til å gjennomføra turar tre dagar frå 12. august og 4 dagar i Haustferien.
Her vil ei symbolsk betaling på 50 kr pr dag/døgn dekka reise (inkl. overnatting), aktivitet og mat. Litt avhengig av været blir den første turen 12 august ein tredagers fjelltur. I haustferien blir det turar og aktivitetar i Os, Fusa og Bergensområdet. Både fusingar, osingar og andre kan melda seg på så lenge det er plass. Påmelding gjer ein ved å senda ein epost til Øvredal ovredalvidar@gmail.com.