Vellukka bølgjebrytar-testar
Os hamn er eitt steg nærare rolegare forhold med bølgjebrytarar etter prototypetestane.
Utprøvinga av prototypen til bølgjebrytarane som ein ser for seg å skjerma Os hamn med, vert rekna som vellukka.
Undersøkingane er utført ved anlegget Akvasafe AS i Spania.
– Ryktene fortel at testane er vellukka, seier ein nøgd prosjektleiar i Os kommune, Tor Inge Døsen.
– No skal anlegget der nede skriva ein rapport om testane og resultata, og det same skal sjefskonsulenten min som var nedover og følgde testane. Begge desse rapportane er venta å koma om ei vekes tid, i månadskiftet.
Kan få ut anbodet rett over påske
Døsen seier at rapporten som kjem frå anlegget må omsetjast og gjerast tilgjengeleg. Deretter må politisk og administrativ leiing ha eit møte.
– Når all dokumentasjon er på plass må det gjerast eit vedtak. Dersom det stemmer at forsøka er så vellukka som eg har fått beskjed om, så er det berre å gjera eventuelle modifiseringar, og få utarbeidd anbodsgrunnlaget. Dersom vi er litt effektive kan vi kanskje lysa ut anbodet ganske snart etter påske.
– Får vi ut anbodet på den første bølgjebrytaren i vår, kan vi ha ein sjanse til å få den på plass i haust. Då får vi sjå korleis den fungerar når han måler krefter mot Bjørnefjorden, seier Døsen.