Velkomen til 91 nye osingar
Os har auka frå 19742 til 19833 innbyggjarar i løpet av første kvartal 2016.
SSB la torsdag fram oppdatert statistikk over folketal i Noreg. Totalt er vi no 5 213 985 innbyggjarar i Noreg. Ei vekst på 9300 personar, tilsvarande 0,2 prosent. Dette gir ein folkevekst som er nær 2000 lågare enn same kvartal i fjor.
Os held fram med å veksa. Dei nye oppdaterte tala syner at vi no er 19 833 osingar. Ei auke frå 1. januar på 91.
I løpet av første kvarta har det blitt fødd 53 nye osingar. Samstundes har det døydd 32. I same periode har 236 personar flytta til bygda, av desse 35 frå utlandet. 166 personar har flytta ut av bygda, 31 av desse til utlandet.
Berre Bergen og Askøy har ei høgre folkevekst enn Os. Bergen auka med 729 nye innbyggjarar, medan Askøy auka med 110.
Dette er dei største kommunane i Hordaland:
Bergen 278120
Askøy 28490
Fjell 24892
Os 19833
Stord 18766
Lindås 15631
Voss 14425
Kvinnherad 13231
Bømlo 11772
I desse kommunereform-tider er det òg interessant å sjå korleis utviklinga er i dei to kommunane Os har vore i dialog med.
Fusa aukar med 14 innbyggjarar til 3890. På Fusa er det i 1. kvartal fødd 6 ungar, medan 11 personar har gått bort. 49 personar har flytta til kommunen, mendan 30 har flytta ut av den.
Tysnes står på staden kvil og har akkurat like mange innbyggjarar ved utgangen av første kvartal som ved årsskiftet, 2797. På Tysnes har 9 born blitt fødd, 12 har gått bort, 29 har flytta til kommunen, medan 26 har flytta ut av den.