– Veldig bra maskinpark
Bygg og anleggsteknikk ved Os Vgs har kanskje den gøyaste standen på Bjørnefjorden utdanningsmesse. Ein simulator der elevane kan prøva seg som gravemaskinførar syter for det.
Elevane Ruben Vabø, Christer Selje, Marius Siglevik Stigen og Jonathan Limevåg er i full sving med simulatoren. Dei er alle elevar på Os vidaregåande.
– Det beste med å gå på denne linja på Os er at det er veldig godt miljø her. Dessutan har dei ein veldig god maskinpark, seier Vabø, og legg til at simulatoren har vore eit populært innslag heile dagen, der mange har fått prøva seg.
– Det verkar for at læringbedrifter gjerne vil ha læringar her frå Os. Eg har to bedrifter å velgja mellom. Vi har lært veldig mykje grunnleggjande på skulen, no må berre praksisen på plass, seier Vabø.
– Det er alltid mange på venteliste for å koma inn, så det er ei populær utdanning, skyt ein av dei andre gutane inn.
Gode søkjartal
Terje Gjetø, faglærar på landslinja i anleggsteknikk, fortel at det er ikkje noko i vegen med søkjartilgangen til linja. Til 60 elevplassar hadde vi 140 søkjarar.
– Anleggsbransjen er i vinden for tida, og det er ingen problem å få seg læringsplass om ein vil. Det er ei auka satsing i samfunnet på utbygging av infrastruktur og samferdsel, og denne auka satsinga gjev nok optimisme i næringa som igjen gjer at fleire søkjer seg til dette yrket.
Godt samarbeid med OKAB
Harry Aasen frå Opplæringskontoret for anlegg- og bergfag (OKAB) er godt nøgd med landslinja på Os. Dei samarbeidet tett.
– Og bransjen går så det grin. No håper vi berre at ikkje Statens Vegvesen indirekte øydeleggjer for den kompetansen vi opparbeider oss her til lands, seier Aasen.
– Vegvesenet reiser rundt i Europa og marknadsfører seg for å få utanlandske entreprenørar til å rekna på anbod i Noreg. Så lenge norske firma, får store kontraktar, så drypp det rundt alle vegar. Dei vel lokale underentreprenørar, og desse er igjen flinke å ta imot læringar. Vi er sjølvforsynt med kompetanse her til lands, og vi er svært dyktige.
Vond spiral
–Spansk fjell og norsk fjell er langt frå det same å bora i, det har jo vist seg fleire gonger. Og ingen i verda driv tunnelar på same måten og like effektivt som oss, meiner Aasen.
– Det er ei samfunnsøkonomisk kake som kjem i ubalanse når dei stadig skal henta inn utanlandske firma. Kanskje kostar dei mindre på papiret, men det er på kort sikt. Og vel dei vekk norske verksemder mister vi verdifull kompetanse i bansjen som ytterlegare svekkar vår konkurransekraft, skyt Gjetø.
– Men det er vel pengane som rår, avsluttar Aasen.