Veks ut av Lidlbygget
Sport Norge og Sport Outlet har sikra seg tomt for å bygga nytt lager og hovudkvarter.
Invent Sport, som blant anna eig 100 prosent av aksjane i kjedene Sport Outlet og Sport Norge, har fått det trangt i «Lidlbygget» i Ådnadalen.
I juni 2016 flytta dei inn som første leigetakar i det enorme lagerbygget, då med leigekontrakt på 10 prosent av bygget, altså 3.600 kvadratmeter.
– 2500 kvadratmeter var lager i juni 2016. Sport Outlet hadde rundt 1300 av desse, men utvida rett etter innflytting med yttarlegare 1000 kvadratmeter.
– No har vi utvida to gongar til, med 1000 kvadratmeter kvar gong, og i den andre enden er blir vi snart blokkert av andre leigetakarar, fortel dagleg leiar Tor-André Skeie.
Frå 70 til 300 lokale arbeidsplassar
Sport Outlet og Sport Norge har kompakt administrasjon, men begge kjedane veks. Det gjer og søsterselskapa Elements Production og andre firma med felles eigarskap, som Bookkeeper (rekneskap), Picapoint (reklame) og Gets (data).
– Samla sett er vi no rundt 70 tilsette på huset. Vi treng meir kontorplass, seier Skeie.
Planane om vidare vekst gjer at behovet for utviding av både lager og kontor pressar seg på.
• Les òg: Samla omsetnad på 1,4 milliardar - opnar to flaggskip i Oslo
Skreiv avtale på ny tomt
Skeie-brørne har sett seg om etter alternativ til utviding. Dei ønskjer å bli verande i Os, og no kan det bli bygging av eige lager.
– Onsdag denne veka blei ein ny milepæl for oss, seier Tor-André.
Då signerte han intensjonsavtale med Os Maskinering om kjøp av tomt. Os Maskinering, som i 2015 overtok Rolls-Royce sin tidlegare fabrikk på motsett side av Ulvenvegen, eig også tilstøytande areal.
– Tomta vi har laga avtale på er på 16,5 mål. Målet er å koma i posisjon til å bygga så snart som mogleg.
– Vi vil nok fort auka til over 100 tilsette til saman i desse selskapa. Vi har mange planar, nytt lager- og kontorbygg kan på sikt ha 100 til 300 lokale arbeidsplassar, seier Skeie.