– Veit ungdomen nok om ulike yrke?
Høyre lokkar med pizza, gode foredrag og speed-date med over 20 ulike yrke i partinøytralt ungdomsarrangement på Bar(t).
Anten du skal ut av grunnskulen neste år, i år eller allereie går på studiespesialiserande eller annan vidaregåande retning – veit du kva du vil bli? Kunne du tenkt deg å snakka ope med folk som jobbar i ulike yrke, høyra kva som skal til, kva oppgåver, arbeidstid, løn og sjansar for å klatra det er i ulike bransjar?
– Eg fekk ideen mens eg køyrde bil, eg ville laga noko for ungdom, og kontakta kollegaen min Henrik Vågen i Os Unge Høyre, fortel den nyvalte leiaren for Høyre lokalt, Susanne Sperrevik.
– Arrangementet handlar ikkje om politikk, sjølv om det å vera politikar kan vera eit heiltidsyrke. Vi skal halda det partinøytralt og konsentrera oss om gjestane.
– Om ikkje ungdomen sjølv les dette håper eg foreldra ser verdien av å senda ungdomen, seier Henrik Vågen.
Motivasjon og informasjon
Kvelden blir innleia med eit motivasjonsforedrag av Jonny Hesthammer (CEO/gründer/professor) og Anne Marie Brusdal (tidlegare bl.a TV2 og coach, no frilansjournalist).
– Det blir lagt opp til tovegskommunikasjon, spørsmål kan stillast til foredragshaldarane og, ikkje minst, til dei ulike yrkesgruppene dei vaksne vi har samla til speed-date.
Kva skule gjekk du? Kva tener du? Kva arbeidstid har du?
Desse spørsmåla kan du retta til vaksne som jobbar innan helse, rus og omsorg, som frisør, lege og tannlege, lærar, rektor og brannmann.
Yrke som politi, kontorfag, jus, økonomi, havbruk , olje og gass, journalistikk og Forsvaret er òg representert.
– Alle som følgjer Os Høyre på facebook kjem gratis, for andre tar vi 180 kroner for pizza, drikke, foredrag og speed-date.
Møtet er førstkomande tysdag (frå 17.30) på Bar(t).