Veit du om eit kulturminne?
Fortidsminneforeningen ber om tips og inviterer møte.
– Ver med og kom med innspel om kulturminne og kulturarv. Slik kan vi sikra felles kjennskap og kunnskap, er oppmodinga frå Fortidsminneforeningen Bjørnafjorden.
Aktuelle kulturminne er bygg, kulturmiljø, kulturlandskap og gjenstandar. Immateriell kulturarv kan vera for eksempel handverk eller folkemusikk.
Kulturminne og kulturvern er eit tema i kulturplanen for Bjørnafjorden kommune, og kultursjef Erik Vangsnes vil saman med Kristin Bøe og Øyvind Gjerde informera om korleis dei vil arbeida fram planen, og korleis dei vil vektlegga ulike tema.
I neste veke blir det to informasjonsmøte, tysdag i biblioteket på Os og torsdag i kommunetunet i Eikelandsosen, begge med start klokka 19.
Etter presentasjonen vert det høve til å koma med innspel og spørsmål.
– Det er til god hjelp om innbyggarane kjem med framlegg til kulturminne som bør sikrast, seier styremedlem i FMF, Ingebjørg Astrup.
Fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag
Fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag vart etablert i 2021, då tidlegare Os og Fusa lokallag av FMF gjekk saman til eit felles lag i kommunen vår. Styret har hatt møte med synfaring og drøftingar, men grunna korona-restriksjonane er det først no vi kan invitere til medlemsmøte og ope møte.
På Fusa sida har det tradisjonelt vore engasjement for Holdhus kyrkje gjennom arrangement i kyrkja.
Det ønskjer dei å halda fram med som Bjørnafjorden lokallag, og neste veke er det Frode Alnæs som har to konsertar i kyrkja fredag 24. september. Han har samspel med vår eigen Even Lygre på konsertane.
Styret i Bjørnafjorden lokallag består av Ingebjørg Astrup, Øyvind Bugge, Harald Bjørndal, Toril H. Hauge og Siri Janne Llanos.