Vegard slo Fredrik og Simen
Åsane sleit mot Brann 2, men Vegard Leikvoll Moberg tok alle poenga frå dei to andre osingane, Fredrik Heggland og Simen Lassen.
– Vi burde klart minst uavgjort, synest Simen Helland Lassen etter at laget hans, Brann 2, tapte 2-3 heime for Åsane.
Tre osingar spelte mot kvarandre i kampen, Vegard Leikvoll Moberg på Åsane, som leier andredivisjonsavdelinga, mot dei noko yngre spelarane, Simen Lassen og Fredrik Heggland på Brann 2.
– I banespelet var dei betre enn oss, men i sjansar blei det ganske likt. Vi var nok litt heldige som vann denne kampen, innrømmer Vegard Leikvoll Moberg.
4 av topp 5 frå Hordaland
Fire av dei fem øvste laga i avdelinga er frå Hordaland.
Åsane er på topp, Fyllingsdalen på 2. plass, nykomar Arna-Bjørnar på 3. plass og Nest-Sotra på 4. plass.
Brann 2 ligg på 9. plass av dei 14 laga.
Åsane speler borte mot Nest-Sotra i kveld, Brann 2 speler heime mot Vindbjart, som ligg på 2. plass.