Vedtok profil og visjon for Bjørnafjorden kommune
Desse verdiane, formane og fargane skal prega den komande kommunen.
Våren 2018 inviterte kommunane Fusa og Os fem ulike reklamebyrå til å konkurrera om å få laga profil til komande Bjørnafjorden kommune.
Picapoint, MK Bergen og Oktan Bergen leverte tilbod, Oktan fekk oppdraget.
I går blei profilen godkjent av fellesnemnda.
Resultatet er ...
Det var sett av éin million kroner til jobben. Oppgåvene var å forma merkevareplattform, visjon, misjon, verdigrunnlag og «slagord».
I tillegg skulle det lagast grafisk profil for den nye kommunen.
• Les òg: Johan D. Eide er mannen bak det nye kommunevåpenet
Grafiske element ser du i bildeserien over. Her er misjon, visjon, verdiar og slagord.
Misjon: Det gode liv for alle
Visjon: Eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskapning.
Verdiar: Verdiane er kompasset vårt. Det er dei retningslinene vi lever etter og det som er grunnleggande verdifullt for oss.
• Vi lyttar med respekt!
• Vi finn smarte løysningar!
• Vi gjer det vi seier!
• Vi er inkluderande!
Slagord: - bli inspirert!
• Les òg: «Os inspirerer» har gjort Os godt (Søviknes i 2016, 10 år etter profilprosjektet)