Vatnet boblar opp gjennom Brugata
Bergen Vann jobbar gjennom natta med søk og feilretting. Vassvogn er sett ut til bedrifter og bebuarar i sentrum.
Måndag i 18.30-tida blei det oppdaga at vatn boblar opp gjennom asfalten i Brugata, mellom Engeline og Handelgården.
– Det er truleg ein lekkasje i eit rør i bakken, seier teknisk vakt i Os kommune, Hege Bolstad.
Bergen Vann er varsla og leidningen er i ferd med å bli stengt ved Postvegen.
Vassleidningbrotet skal ikkje ha samband med gravearbeidet i nabogata i sentrum å gjera.
Får nokre timar utan vatn
– Det er ein del som blir ramma av steninga og no må klara seg utan vatn nokre timar, seier Bolstad.
Det vil gå minst ein time før det blir starta gravearbeid og søk etter brot.
– Fekk de noko forvarsel?
– Det er nokre abonnentar som har hatt redusert trykk i dag, inkludert Engeline, som varsla om brotet.
– Men det er førebels uvisst om dette er einase årsak, for fleire av abonnentane skal ikkje vera knytt til denne leidningen.
Jobbar gjennom natta
Nærmaste kryss/ventil er ved Fagerthun-bygget, men denne er ein av dei eldste på Osøyro, så Bergen Vann valte heller å stenga ein nyare ventil ved Postvegen.
Alle bedrifter og bebuarar frå Postvegen til Osbrua er utan vatn.
– Vi har sett ut vassvogn ved DNB, fortel Bolstad måndag kveld.
Rørkart viste at det går høgspent i bakken ved vasslekkasjen, derfor måtte Bergen Vann venta på at BKK skulle slå av straumen før gravearbeidet kunne halda fram.
– Dei jobbar utover natta og vi håper feilen er funnen og retta til tysdag morgon.
Oppdatert: Tysdag morgon er holet tetta og dekka med asfaltert. Vi reknar med at skaden er reparert.