Våt kos i Vikjo
VIDEO: Ei strålande helg blei snudd til striregn, lyn og torden - men det hindra ikkje sanktahnsfesten i Vikjo frå å bli hyggeleg.
Etter ein varm og solrik formiddag blei det søkk vått ein halvtime før feiringa av sankthansaftan i Mobergsvikjo skulle starta.
– Det var enkelte som spurde om vi berre skulle gå heim, men vi bestemte oss for å venta litt, og så kom det meir og meir folk, seier Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.
Scenen var rigga og bålet sto klart. Os Turn si nye cheerleading-gruppe stilte på dugnad meg leikar for store og små, og Os Durspelsamskipnad og Os Spelemannslag var klare for å underhalda.
– Os Turn gjorde ein kjempejobb! Cheerleadinggruppa stilte med nokre flinke jenter som hadde mange gøy leikar med seg.
Nokon stilte med telt, andre tok turen under tak ved Oseana eller inn på Oseana Kafé og Restaurant, men dei fleste var godt kledd og heldt seg ute i Mobergsvika, på bakken, i fjøra og ved bålet.
– Og det kom meir og meir folk, trass i det stygge vêret, så eg trur det var mange som koste seg og vi er ikkje skremt frå å gjenta dette seinare år, seier Lindeberg.
VIDEO: SJå eitt minutt av sankthansfeiringa i Vikjo. (Foto: KVB)