Lokal | 30. des. 2010

Vasslekkasje x 4

Onsdag blei det litt mildare vêr. Då kom vasslekkasjane.

Vasslekkasje x 4
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. des. 2010 09:20

Det er eit vanleg fenomen etter lengre kuldeperiodar, at når det blir litt mildare, så «slår kulden ned i bakken» og det frys i røyra. Røyr som har vore frose, og fått sprekker, får heller ikkje synleg lekkasje før isen gjev etter.

I går gjekk temperaturen frå rundt 12 minus til cirka 2 minus. Det førte til minst fire vasslekkasjar, tre av dei som brannvesenet rykte ut på.

- Vi var i Banktjørnhaugen klokka 18.15, i Varåsen klokka 20.45 og i Nordmarka klokka 01.30 i natt, fortel Gunnar Hatlelid frå Os brannvesen.

- I tillegg skal det har vore sprokke røyr på Os skule, men dette har vaktmeistrane kontroll på.

Store skadar
I Banktjørnhaugen hadde eit røyr i eit etasjeskilje mellom 1. og 2. etasje sprokke.

- I motsetnad til dei to andre plassane var det ingen heime her då lekkasjen oppsto. Derfor blei det mykje vatn og store skadar, det var 5 cm med vatn i heile kjellaretasjen.

I Varåsen kom brannvesenet fram til sprokke røyr i yttervegg og skjult stoppekran.

- Vi vurderte å bryta oss inn, men huseigar kom heldigvis fram rett etter at vi var på plass. Også politipatruljen svingte innom, men vi fekk stoppa vatnet utan å gjera skade på nabohuset i rekkja.

Fekk vatnet igjen
Dei to vasslekkasjane onsdag kveld blei følgt opp av utrykking til Nordmarka klokka 01.30 natt til torsdag.

- Her hadde eit røyr i ein kjøkkenbenk i ein ubrukt kjellarleiligheit sprokke. Det var ikkje verst at denne blei oppdaga tidleg, trass i at det var på natta.

- Vi har røyrleggar på laget, som fekk plugga dei skadde røyra i to av dei tre husa vi var i, sånn at desse kunne få vatnet på igjen i delar av huset, fortel Hatlelid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.