Lokal | 27. juni 2013

Vart du skræmt no?

Lesarinnlegg, Laila Reiertsen (Frp): Det ser ut til at den sterkaste veljarinvitasjonen til Ap og SV er å skremma med borgarleg styring. Då har ein ikkje mykje å fara med.

Vart du skræmt no?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. juni 2013 08:30

Éin ting skal SP ha; ingen skremming så langt!

Eg trur veljarane manglar verken dårleg hugs eller har stor frykt for anna styring av landet enn den ein har i dag.

Viser her til mange kommunar som er borgarleg styrte, og at det er fleire av desse der innbyggarane er meir nøgde enn hos dei som har raudgrønt styre. Dette kom også tydeleg fram i Kommunal Rapport nyleg.

Når LO også kastar seg inn i skremmebildet så skjønar ein at panikken er stor.

Det siste er skremming av konkurranseutsetjing. Her gløymer ein fort at med den konkurranseutsetjinga som har vore i dette landet så har ein fått brukt mykje meir på andre tenester, og ikkje minst at ein har fått fokus på at kostnadar og kvalitet kan henga godt saman når ein tydeleggjer det i eit anbod.

Ein skjønar at for LO og dei raudgrøne så er det offentlege nærmast saliggjerande uansett. Dette er alvorleg i eit samfunn der det meste gjeld menneske. Samstundes aukar byråkratiet, og nytenking innan offentlege tenester er noko som vert lite sett på dagsorden. Det er som ein gjærdeig som berre eser ut utan at ein evaluerer og justerer undervegs.

I Os kommune så vann det offentlege sjølv anbodet på omsorgstenester til 40 plassar.

Dette etter at det for tredje gong blei utlyst. Før har dette vore vunne av private leverandørar. Dette viser at ein har fått ei kulturendring som gjer at ein er blitt meir bevisste også innan offentleg forvaltning til å levera anbod. Dette er noko ein bør merkja seg, også frå LO og deira sosialistiske kameratar og venninner. Men dette er vel ikkje interessant?

Samstundes slår ein seg på brystet og ljomar at "noe er da akkurat som før". Men det er då ein tek feil. Her har ein levert ein avtale der det står nøyaktig kva ein skal levera på. Både at ein må halda anbodskostnadane og levera det ein har sagt innan kvalitet. Og her som dei som har levert anbod før må tola å bli sett i korta jamleg.

Alle politikarar og styrande har eit ansvar til å forvalta skattebetalarane sine pengar.

Frp meiner at då må ein vere aktiv for å få mest mogeleg ut av kvar ei krona, både økonomisk og i høve kvalitet.

Av og til er det offentlege best, andre gonger dei private. Slik bør det vera.

Laila Marie Reiertsen
Stortingsrepresentant Frp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.