Varslar storm
Meterologisk institutt varslar storm frå Rogaland til Sogn og Fjordane.
Vinden bles friskt frå søraust torsdag morgon/formiddag.
– Eg trur dei som har båten sin ved Oseana bør ta ein sjekk av fortøyingane sine, tipsa ein Midtsiden-leser i 9.30-tida.
Då Midtsiden var ute for å ta tilhøva i augesyn såg det ikkje så ille ut, men om vinden dreiar litt meir frå aust er det nokre av båtane som ligg utsett til.
Meterologisk institutt har torsdag morgon sendt ut eit OBS-varsel kor dei åtvarar mot full storm på kysten og i fjellet.
– Det ventast også vindkast omkring 20 meter per sekund i innlandet, åtvarar meterologane.
I følgje tidevatnstabellane ventar ein flo i Os klokka 11:44 då med ein vatnstand 126 cm over referanseverdien, men allereie klokka 9 blei vatnstanden målt til 128 cm over normalen.
Temperaturen vil liggja på rundt 5 grader og vi kan rekna med duskregn opp mot 2,8 mm heile dagen.