Kultur | 04. mai 2012

Varslar søknadsplikt

Kommunen har utført tilsyn med Irish Cat og huseigar må levera full søknad innan 30. mai, viss ikkje kan det både koma tvangsmulkt og krav om stenging.

Varslar søknadsplikt
Delar av Irish Cat-lokalet under ombyggingsarbeidet hausten 2010. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. mai 2012 15:48

I dag er det akkurat 18 månadar sidan nabo Oshjørnet AS sendte epost til Os kommune og argumenterte for at ombygging og bruksendring i Anders Fagerthun sin bygning tvers over gata var søknadspliktig, og at Oshjørnet derfor, som nabo, ville få rett til å uttala seg.

Les òg: Klagesak sendt til fylkesmannen

I førre veke var det tilsyn på Irish Cat og byggesaksavdelinga i Os kommune har sendt brev til huseigar med "førehandsvarsel om: Søknadsplikt-pålegg-førelegg-tvangsmulkt".

I brevet står det blant anna dette:

"Som allereie nemnt i vårt brev 28.2.2012 har byggesak konkludert med at det er gjort bygningstekniske endringar i lokala som krev søknad, vi synar til avvik frå godkjente teikningar i form av riving av berande veggar. Vidare har tilsynet avdekt at omlegging av drifta utgjer endringar av drifta si karakter og omfang, som får følgjer for dei omsyn plan- og bygningsloven skal ivareta, og difor krev søknad etter plan- og bygningsloven § 20-1 d. Tilhøvet synest difor å vere i strid med plan- og bygningsloven § 20-1."

Huseigar Anders Fagerthun har fått frist til 30. mai med å levera fullstendig søknad.

For lite rømingsveg?

Fagerthun hadde dessutan frist til 1. april mars med å gjera greie for rømingsvegar i huset, men fekk utsetjing ut april.

Dette var noko som blei peika på i rapport etter særskilt branntilsyn 31. januar i år. Fargerthun fekk frist ut april til å få inn sertifisert brannteknisk konsulent for "total gjennomgang av objektet for å optimalisere løsninger mtp rømningsveier etc."

Ifølgje krav til rømingsveg (§ 12-15) skal bygg for mange personar ha fri breidde på minimum 1,2 meter.

– 1 cm per person er tommelfingerregelen, men det finnest unntak. Vestlandshallen, for eksempel, der du går rett frå hallen og ut i det fri, har lågare krav enn 1 cm per person, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Dørene hos Irish Cat er på 70 og 80 cm.

– Det som er viktig er at vi får ein total gjennomgang med rapport frå ein brannteknisk konsulent. Sidan vi er kontrollorgan er det ein ekstern som må ta denne og visa om ting er forsvarleg eller ikkje.

– Same argumentasjon

– Eg er nøgd, men ikkje glad. Målet er at vi som naboar får rett til å seia kva vi meiner om at det blir etablert nattklubb som nærmaste nabo til vårt bustadprosjekt, som den gong nettopp hadde fått godkjent reguleringsplan, seier Terje Haugan frå BERAS og Oshjørnet AS.

Oshjørnet har ikkje fått selt nokre av husværa dei la ut for sal for eit drygt år sidan.

– Målet er ikkje å fjerna nattklubbar frå Os sentrum, men at det skal vera gjort skikkeleg og at det skal vera tydeleg kven som har ansvaret for eventuell støy.

– Samtidig som eg er nøgd er eg skuffa. Eg er skuffa over at det var bekymringsmeløding frå publikum som fekk kommunen til å ta tak i dette, argumentasjonen dei i dag bruker ovanfor huseigar er identisk som den eg brukte til kommunen for 1,5 år sidan.

– Det er dessutan fortvilande at dette har tatt så lang tid, og at det framleis kan drøya ei stund med behandling av søknad og eventuell klagebehandling.

Har ingen plan B

Kommunalsjef Karl Ole Midtbø er utanlands og var ikkje tilgjenegeleg for kommentar fredag. Også Anders Fagerthun er på reise og ville venta til over helga med å uttala seg.

Medeigar hos Irish Cat, Espen Risti, seier han synes dette er ein veldig kjip sak.

– No ventar vi at huseigar følgjer opp og vi håper naturlegvis at alt kjem i orden innan fristen, seier Risti.

Han legg til at Irish Cat har gjort sitt ytterste for å ha alt på stell, dei har blant anna også tatt på seg huseigar sine oppgåver i enkelte tidlegare saker.

– Vi har erfaringer og gode samarbeidspartnarar som kan hjelpa Fagerthun med bygget og vi er førebudd på å vera ein pådrivar for å få dette i orden.

– De har ikkje byrja å sjå etter andre lokale, som ein plan B?

– Nei. Vi har brukt 2,9 millionar kroner på å pussa opp lokalet og vi har leigekontrakt for 20 år. Vi har plan om å bli verande med nattklubb i Fagerhtun sitt bygg, seier Espen Risti.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.